Hopp til innhold

Jobbar med tiltak for å betre vassforsyninga

– Det blir jobba med tiltak for å betre vasstilførsla til Svelgen, seier ordførar Audun Åge Røys.

Audun Åge Røys

SKAL BETRE VASSFORSYNINGA: Audun Åge Røys (H) er ordførar i Bremanger.

Foto: Alf Vidar Snæland/Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Då eit hus i Svelgen blei totalskadd i brann før helga opplevde brannmannskapa på ny problem med vasstilførsla då dei skulle sløkke brannen. Lensmann Hans Rune Strandos sa etter brannen at dei denne gongen vart berga av regnet , og at vassproblema var noko han ville ta opp med rette vedkomande.

– Det er svært beklageleg, men det er problem med nettet i området. Det gjeld både vassforsyning og avlaup. Dette blir det jobba med, men det tar tid, seier Røys.

Andre gong på under eitt år

Det er ikkje første gong at brannmannskap har problem med å få fram nok vatn i samband med brann i Svelgen. Det same skjedde i samband med storbrannen i mars 2015. Den gong miste tre familiar alt dei eigde i brannen . I brannen før helga vart ein familie på fire huslause, og Røys forstår at vassproblema gjer folk urolege.

– Det kan eg absolutt forstå, og det blir jobba med det, men det er uvisst kor lang tid det vil ta.

– Men med tanke på at ein har hatt to slike hendingar på kort tid, bør ein ikkje då forsere dette arbeidet?

– Jau, absolutt, det har vi fokus på og eg reknar med at det blir sett fart på dette arbeidet.

Omfattande arbeid

– Vi må utbetre leidningsnett og vassforsyning, og det må vi sjå i samanheng, seier Røys.

I tillegg har det og vore oppdaga fleire lekkasjar i området.

– Vi håpar sjølvsagt at det ikkje skal ta så langt tid, men akkurat no er det umogleg å seie noko sikkert om kor langt tid det vil ta.

– I fjor haust tok brannsjefen til orde for ein ny brannbil til to millionar kroner i 2016. Blir den no innkjøpt?

– Det er noko vi må avgjere i samråd med brannvesenet, kva dei har mest behov for. Vi har sett av pengar, men dei er ikkje øyremerka til brannbil, seier Røys.