Hopp til innhold

Håpar å gå i pluss

Opera Nordfjord håpar dei skal gå i pluss på oppsetjinga av Maskeballet. Måndag kjem billett-tala, men først om eit par veker dei endelege tala klara.

Kari Standal Pavelich

SKULLE GJERNE HATT FLEIRE PUBLIKUMMARAR: Operasjef Kari Standal Pavelich.

Foto: Montasje: Kjersti Anderdal Bakken, NRK/Svein Nesbakk

– Måndag har vi nok oversikt over kor mykje vi har tatt inn på billettane, men først når vi også har fått inn alle rekningane kan vi seie sikkert om vi har gått i pluss eller ikkje, seier Operasjef Kari Standal Pavelich.

Då operaen, som handlar om mordet på Gustav III i Stockholmsoperaen 1792, hadde si siste framsyning laurdag vart det klart 2596 personar hadde sett oppsetjinga. I utgangspunktet hadde Opera Nordfjord håpa på mellom 3000 og 3500 .

– Vi skulle jo gjerne ha nådd ut til fleire, men eg er eigentleg godt nøgd når nesten 2600 publikummarar har sett stykket.

Nøkternt budsjett

– Vi hadde eit ganske nøkternt budsjett, så eg håpar det skal bra sjølv om eg ikkje er byrja å sjå rekneskapen enno, Standal Pavelich.

Besøkstala har gått ned sidan nær 5000 publikumarar såg Fotballoperaen og Tryllefløyten i 2010 og 2011. I år vart det altså vel 2 500.

– Det er jo slik at nokre stykke appellerer meir til enn andre, og vi kan alltid spekulere i kvifor folk ikkje kjem.

Variert repertoar

Standal Pavelich, som har brukt sundagen til å rydde vekk dei siste restane av Maskeballet, seier Opera Nordfjord heile tida prøver å ha eit variert repertoar gjennom heile året. No står den familievennlege oppsetjinga Sound of Music for tur.

– Om tre veker er det premiere på Sound of Music, og der har vi neste tre utselde førestillingar allereie. Men på ein hovudproduksjon går det litt opp og ned, og slik må det nesten vere. Eitt år har vi ein operette, eit anna år har vi kan ein litt tyngre produksjon. Så få vi håpe at det jamnar seg ut for det er trass alt drifta for heile året som tel.