Hopp til innhold

Håpar 5000 vil sjå Sogndal-Brann

Vestlandsoppgjeret mellom Sogndal og Brann er sagt å vere noko spesielt. Når laga brakar saman søndag håpar Geir Inge Heggestad på 5000 elleville tilskodarar.

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

SIKRA SIGER: Ørjan Hopen kunne sleppe jubelen laus etter han putta inn 2–0 målet for Sogndal då dei sist møtte Brann på Fosshaugane. Kan det bli ein reprise søndag kveld?

Foto: Oddleif Løset / NRK

Heggestad er arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball og seier førehandssalet fredag ligg godt an.

– Det ser veldig bra ut. Eg tippar vi kjem til å handle på ein rundt 5000 tilskodarar. Det er eit tips frå meg i forhold til det trøkket vi har hatt, seier han til NRK.no fredag.

– Årets fotballfest

Medan storebror Brann har plassert seg på fjerdeplass på tabellen etter seks kampar, slit veslebror Sogndal på 14. plass. Men når dommaren bles i fløyte klokka 19 søndag kan publikum på Fosshaugane bli vitne til at sognelaget snur den dårlege trenden.

Tal Sogndal Fotball har henta fram viser at laget har slått Brann heile ni gonger på heimebane sidan 1988. To oppgjer har enda med uavgjort, og berre to gonger har Brann kunne reist tilbake til byen mellom dei sju fjell med siger.

Sist laga møttest var i slutten av november i fjor, då sikra Sogndal seg fornya eliteseriekontrakt etter 2–0 sigeren over bergensarane.

Heggestad lovar dei som kjem på Fosshaugane søndag ein spennande kamp.

– Sogndal-Brann er årets fotballfest i fylket, og det er alltid knytt ekstra spenning til den kampen.

– Det kjem masse bergensarar, og det blir ein fotballfest uansett. Alle som har lyst å oppleve den spenninga og nerven må kome, er oppmodinga.

Trur nokre vel å sjå kampen på TV

TV-rettane til eliteserien er no kjøpt opp av C More, og berre eit fåtal av eliteseriekampane går på ikkje-betal-TV.

Oppgjeret mellom Sogndal og Brann er hovudkampen på TV2 søndag kveld, og Heggestad trur det er litt av grunnen til at nokre vel å halde seg heime.

– Eg trur nok at dei som bur lengst frå oss vel å sjå kampen på TV2. Difor er vi endå meir avhengige av dei som bur nære stadion kjem, seier han.

Uansett er han godt nøgd om 5000 møter opp.

– Det er bra folkemengde, så om det kjem 5000 skal vi vere nøgde med det.