Hopp til innhold

Ønskjer å selje brennevin laga av myse – men får ikkje lov

SANDANE (NRK): Norsk lov gjer at dei besøkjande må dra tomhendte frå destilleriet som lagar gin av myse. No ønskjer politikarar å mjuke opp reglane.

Jann Vestby og Magne Ravnestad fyllar flaskar med kløvergin.

PÅFYLL: Jann Vestby (t.v.) og Magne Ravnestad (t.h.) fyller på gin laga på myse på glasflasker.

Foto: Bård Siem / NRK

– Veldig mange turistar kjem og vil gjerne kjøpe med seg ei flaske, og forstår ikkje kvifor dei ikkje kan det, seier Jann Vestby.

Lukta er søtleg og god i dei lyse og moderne produksjonslokala. Medan Vestby set fram flasker, fyller kollegaen på med sprit. I dag blir det laga gin.

Handverksdestilleriet i Nordfjord er det fyste i landet til å produsere brennevin av myse – den flytande delen av mjølka som er att etter at ostestoffet er skilt ut.

Destilleriet får besøk frå heile verda, men når gjestane skal vidare og spør om dei kan kjøpe med seg ei flaske, så er svaret nei. Norsk lov vart mjuka opp i 2016, slik at nisjeprodusentar kan drive med gardsutsal av mjød og alkoholhaldig cider – men berre om produktet er «naturleg gjæra».

No ynskjer Vestby seg eit enda mjukare regelverk, slik at turistane ikkje treng å dra derifrå heilt tomhendte.

– Det ville ha vore ein fordel. Og så kan ein gå på polet om ein vil kjøpe større einingar.

Gamle Sherryfat

GAMLE SHERRYFAT: På Gardsbrenneriet AS produserer dei 1.800 liter akevitt.

Får støtte frå ordføraren

Ordførar i Gloppen er Leidulf Gloppestad (Sp). Han er samd med Vestby i at eit lite brennevinsutsal vil verke positivt for gardsopplevinga.

– Eg er heilt sikker på at det er mogleg å finne løysingar som gjer at gardsbrenneria får selje smaksprøvar i mindre kvantum, seier han.

Han understrekar at den overordna alkoholpolitikken må ligge til grunn, men meiner det vil vere mogleg utan at det slår beina under polordninga eller «skapar frislepp for alkohol i store volum».

– For gardsbrenneria vil dette også gi ei betydeleg tilleggsinntekt, seier han.

Frp-politikar Frank Willy Djuvik er mindre atterhalden:

– Dette høyrest ut som eit fornuftig framlegg som eg er positiv til. At ein legg til rette for lokale nisjeprodusentar til å kunne selje smaksprøver, rokker på ingen måte med den norske polordninga, og bør vere ei enkel endring for Stortinget å vedta basert på same grunngjeving som endringa i 2016, seier han.

– Eit svært dårleg forslag

Pernille Huseby er generalsekretær i Actis – Rusfeltets samarbeidsorgan.

– Dette forslaget bidrar til å auke tilgjenget av alkohol. Her ønskjer politikarane å la omsynet til lokalt næringsliv gå føre omsynet til folks helse og trivsel, seier ho.

Ho kallar det et «eit svært dårleg forslag», og stiller seg «sterkt tvilande» til at gardsutsal av sprit i det heile tatt vil vere mogleg utan å bryte EØS-regelverket.

– Det var eit smotthol i regelverket som opna for gardsutsal av sterk sider og mjød, seier ho, og viser til oppmjukinga i 2016.

Viktigare er likevel at gardsutsal av sprit «undergrev og truar» heile vinmonopolordninga, seier ho.

– Jo meir alkohol som blir seld utanfor Vinmonopolet, desto større er sjansen for at heile ordninga fell.

Pernille Huseby i Actis

DÅRLEG FORSLAG: Her ønskjer politikarane å la omsynet til lokalt næringsliv gå føre omsynet til folks helse og trivsel, seier Pernille Huseby i Actis.

Foto: Lene Neverdal / Actis

Ho får støtte frå Trude Brosvik, som er gruppeleiar for KrF i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

– Ryggmergsrefleksen min seier nei til dette. Vinmonopolet si stilling og eksistens er svært viktig for folkehelsa og den, trass alt, vellukka alkoholpolitikken vi har i landet.

Trude Brosvik

SEIER NEI: – Ryggmergsrefleksen min seier nei til dette, Trude Brosvik i KrF.

Foto: Oddmund Haugen / NRK