NRK Meny
Normal

– Kan bli lov å selje lokalprodusert sterkcider

Ein ny rapport syner at det er mogleg å opne for at lokale produsentar kan få selje produkt med over 4,7 prosent alkohol, utan at det bryt med EØS-avtalen.

Sider frå Hardanger

VIL HA LOVENDRING: Hordaland Frp vil arbeide for å få på plass ei lovendring som gjer det mogleg for lokalprodusentar å selje produkt med alkoholprosent over 4,7. Ein ny rapport syner at det kan vere mogleg å gjere dette, utan å bryte med EØS-avtalen.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Lokale ciderprodusentar har i dag ikkje lov til å selje produkt med over 4,7 prosent alkohol på gardane sine. Passerer du ein av gardane i Hardanger som lagar cider, må du i dag køyre vidare og setje kursen mot polet. Det er nemleg berre der du kan få kjøpe sterkare drikkevarer, som Hardangercider som inneheld 9 prosent alkohol.

BAKGRUNN: Får ikkje lov til å selje lokalt eplebrennevin

Helge André Njåstad

VIL HA LOVENDRING: Frp vil prøve å få til ei lovendring innan turistsesongen neste år, seier Helge Andre Njåstad i Hordaland Frp.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

No syner ein ny rapport utarbeida på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet at det kan vere mogleg å opne for at gardsbrukarar kan få selje nisjeprodukt som eple- og pærecider frå gardane sine.

– Eg reknar med dette med at det no er mogleg å gjennomføre ei endring av lovverket slik at dette kan verte mogleg i Hardanger for ciderprodusentane, seier stortingsrepresentant frå Hordaland Helge Andre Njåstad.

LES OGSÅ: Vil selja kortreist brennevin

Vil jobbe for lovendring

Norske produsentar kan i dag søke om løyve til å selje eigne produkt med opp mot 4,7 prosent alkohol. Spørsmålet er om ordninga kan utvidast til også å gjelde sterkare drikkevarer, som i dag berre kan seljast gjennom Vinmonopolet, utan at dette undergrev den EØS-rettslege grunngjevinga for monopolordninga.

Epler i Hardanger

ULVIK: Lokale eple blir til lokal cider. Ein ny rapport konkluderer med at det kan vere mogleg å opne for lokalt sal av slike produkt, utan at det bryt med EØS-avtalen.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Rapporten konkluderer med at drikkevarer som eplevin (cider), vin laga ved gjæring av andre typar frukt enn druer, vin laga av bær, samt mjød fell utanfor EØS-avtalens dekningsområde.

I rapporten heiter det:

«Etter vår vurdering innebærer dette at det ikke vil ha EØS-rettslige konsekvenser om lovgiver åpner opp for gårdssalg av alkoholholdige drikkevarer som er omfattet av kategorien «andre gjærede drikkevarer», herunder eplesider. Her kan man tillate direktesalg utan at det reiser EØS-rettslige problemer.»

I rapporten blir det presisert at denne berre er ei rettsleg vurdering. Dei har ikkje tatt stilling til alkoholpolitiske-og næringspolitiske aspekt ved saka. Rapporten ser heller ikkje bort frå at EFTA-domstolen kan komme til å vurdere spørsmålet annleis.

Hordaland Frp vil no prøve å få til ei lovendring på bakgrunn av funna i rapporten.

– Dette har Hordaland Frp kjempa for lenge og hadde det som eit viktig punkt i valkampen for 2013. Me har hatt dialog med regjeringa om dette og vil prøve å få losa saka gjennom i stortinget når den kjem og målet må vera å ha det på plass til turistsesongen, seier Njåstad.

LES OGSÅ: Vil gi lov til å selge lokalt eplebrennevin

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy