Hopp til innhold

Han vil gi deg oppskrifta på eit lykkeleg liv

Tenk deg å bu på ei lita øy i Solund, ytst i havgapet. Mutters åleine. På same måte som folk gjorde for 100 år sidan.

Ole Johannes Øvretveit og Roar Moe

HAR LÆRT: Ole Johannes Øvretveit har latt seg fascinere og inspirere av Roar Moe (bak).

Foto: David Zadig

Det har Roar Moe gjort i 18 år. Historia hans fascinerte Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit slik at han rett og slett bestemte seg for å skrive bok.

– I 2014 var eg på reportasjetur til Solund. Der møtte eg ei dame som sa eg måtte ta meg ein tur til Litle Færøy. Eg hadde dårleg tid, men valde å reise ut. Der møtte eg Roar Moe og ein oase av gode historiar, fortel Øvretveit.

 Roar Moe

DET GODE LIV: «Eit liv på ei øy med eit hav av tid» blir tittelen på boka som handlar om livet til Roar Moe i Solund.

Foto: David Zadig

Før Øvretveit reiste frå øya, hadde han allereie bestemte seg for å skrive bok. På veg heim tenkte han at dette var den mest fantastisk historia han hadde kome over i heile sitt liv.

– Det er alt. Det er omgjevnadane, naturen, heile plassen. Dette er verklegheita.

Roar Moe starta leirskule på øya i eit nedlagt småbruk. Etterkvart ville han bu tettare på naturen, som fiskarbonde, og flytta difor til øya. Her driv han framleis leirskule for elevar.

– Eg spurde Roar om kvifor han gjer dette. Han sa: Når dei blir vaksne, skal dei hugse at dei møtte ein mann som tente 118.000 kroner i året, som fyrte med ved, hadde genser med hol på albogane og som ikkje hadde bil. Men som var kjempelykkeleg.

– Og kvifor er Roar det? Fordi han eig tida si, fritida si.

Trur på å få vekk stresset

 Roar Moe og Ole Johannes Øvretveit

UTAN DEKNING: For å få nett, må dei opp på ein knaus.

Foto: David Zadig

Nettopp det å finne lykka blir eit sentralt tema i boka. Saman med fotograf David Zadig har Øvretveit brukte feriar og helgar i fire år på prosjektet.

– Der ute får du berre mobildekning på ein knaus der det bles mykje. Den første dagen folk er her, går dei kanskje opp dit fem-seks gonger for å sjekke Facebook. Så gir dei opp og går inn i eit nettfritt tilvere.

Og utan mobil- og nettdekning, skjer det noko med deg, meiner Øvretveit.

– Ting tek den tida det tek. Når det blir mørkt, er dagen over. Når det blir blese i hornet, er det mat. Tek du stresset ut av kvardagen til folk, står du att med eit veldig sympatisk menneske.

Rik på tid

Litle Færøy

ROLEG: Når det er mørkt, er dagen over.

Foto: David Zadig

Vinden riv og ruskar hardt når hauststormane står på. Og å leve her vil for mange opplevast som ganske spartansk. Øvretveit latt seg fascinere og inspirere.

– Roar er rik, fordi han har tid. Det som gjer deg lykkeleg, er at du eig tida di og får stresset ut av livet. Det er fantastisk viktig og har sett varige spor.

– Då eg skulle ha ny bil, tenkte eg; kva er viktig med ein bil? Jo, at han startar, har varmeappart og vindusviskarar. Du får ein bil for 25.000 kroner som har det. Er det verdt å bruke 300.000 kroner til? Nei, dei pengane kan eg bruke til noko anna.

Håper å fullføre i år

Så langt har alt arbeidet vore på dugnad og både Øvretveit og Zadig har vore i sine vanlege jobbar. No er målet å samle inn nok pengar slik at dei får gitt ut boka.

– Vi må ta fri frå jobbane for å fullføre boka og gjere ho vakker. Dette kostar pengar, og no har vi starta innsamling. Kjem det inn nok pengar, blir det bok. Om ikkje, får folk pengane sine att.

Målet til forfattaren er at folk skal lære noko.

– Om lesarane får med seg bodskapen, blir dei lykkelegare, lovar han.

Roar Moe

I PAKT MED NATUREN: Roar Moe og villsauene på Litle Færøya.

Foto: David Zadig
Litle Færøy
  • Har du lyst å sjå andre som har funne lykka, så kan du sjå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu: