Hopp til innhold

Totland blir ny Førde-trenar

Bjørn Totland er trenaren som skal få Førde Fotball på beina att.

Bjørn Totland

NY TRENAR: Bjørn Totland er tilsett som ny trenar i Førde Fotball. Han tek over etter Julian Madsen som vart samd med klubben om å avslutte samarbeidet tidlegare i haust.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

37-åringen frå Nordfjord tek til som trenar i klubben frå 1. januar 2017.

– Eg gler meg. Dette er noko eg verkeleg vil. Førde har eit enormt stort potensial, og det skal bli kjekt å vere med å forvalte dei kapasitetane som er i klubben, seier Totland.

Dei siste åra har Totland hatt det sportslege ansvaret i Eid Fotball, og leia sist sesong laget til opprykk frå 4. divisjon.

Nordfjordingen skal jobbe i ei 50 prosent stilling som trenar for A-laget for Førde, og 50 prosent som spelarutviklar.

– Vi må ha ein hovudtrenar på A-laget som også bidrar ned på dei aldersbestemte laga for både spelarar og trenarar, seier Johan Pettersen som er sportsleg leiar for klubben.

– Vi har store forventningar

Pettersen er trygg på at den nye trenaren vil bite frå seg.

– Vi har tilsett Bjørn fordi vi har store forventningar til den jobben han skal gjere.

Under Julian Madsen si leiing fekk Førde Fotball ein svært tung sesong og måtte til slutt ta steget ned frå 2. divisjon. Partane vart etter sesongslutt samde om å avslutte samarbeidet. Det gjorde at klubben måtte ut på leit etter ny hovudtrenar.

– Bjørn passa dei kriteria vi har sett etter. Totalt sett trur vi Førde Fotball og han passar godt i lag, seier Pettersen.

Totland har vore innom ei lang rekkje klubbar. I tillegg til å ha spelt 1. divisjon med Hødd, har han vore innom Eid, Follo, Drøbak Frogn, Manglerud Star, Fyllingen og Tornado. No blir det nye utfordringar i Førde som ventar for Nordfjordingen.

37-åringen har spelt frå 1. til 5. divisjon.

– Det ein bonus at han er frå fylket, men ikkje avgjerande. Vi har gått breitt ut for å finne den beste kandidaten.