Hopp til innhold

Estisk toppspelar signerte for Stryn

For ei veke sidan kom Tanel Melts til Stryn. Då han spurte om lov til å bli med på 3. divisjonslaget visste trenaren lite om rutinen og karrieren estaren kunne skilte med.

Tanel Melts har signert for Stryn.

TOPPSPELAR: Estiske Tanel Melts spurte om han kunne få lov å spele fotball med Stryn sitt 3. divisjonslag. Trenaren angra ikkje på at han sa ja.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Det viser seg at han har spelt ein del år i toppdivisjonen i Estland. For oss var det utruleg tilfeldig at det dukka opp ein slik kar i bygda vår, fortel trenar Johann Sigurdsson.

For nokre månadar sidan flytta kjærasten til Melts til Stryn, og sist veke melde også 28-åringen flytting til Nordfjord. Med seg i bagasjen har han mellom anna eit seriemeisterskap i estisk toppfotball og spel i Europaligaen og på U-23 landslaget. At Melts heldt eit høgt nivå vart dei kjapt klar over.

Johann Sigurdsson

MIDT I BLINKEN: For trenar Johann Sigurdsson er nysigneringa eit kjærkome tilskot til ein ung stall.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rotterace for laget framover

– Det viste seg med ein gong han kom på trening at han var ein veldig god spelar. For oss i 3. divisjon så er det ein spelar som hevar kvaliteten på trening og kamp.

Melts er ein allsidig midtbanespelar som kan spele både på kant og sentralt. Omleggingar i divisjonane gjer at Stryn, som ein av mange klubbar, må kjempe innbite resten av sesongen for å klare å halde seg i 3. divisjon. Trenaren trur nysigneringa kan få ei nøkkelrolle, sjølv om han trur det vil ta litt tid før Melts er varm i trøya.

– Vi må nesten vinne alle kampane som er igjen for å klare oss. utover hausten blir det skadar og karantenar, så vi hadde behov for så vidt behov for å styrke stallen. Å styrke treningsgruppa heime er også viktig, for vi har mange som studentar som bur vekke på laget. Slik tilvekst kan bety nokre poeng, trur Sigurdsson.