Hopp til innhold

Han har vore Ap-medlem sidan 1936

Johannes Nesbø er del av ein særs eksklusiv klubb. Han er ein av 60 som kan skilte med 80-årsmedlemskap i Arbeidarpartiet.

Johannes Nesbø og Kjersti Stenseng. Han har vore Ap-medlem i 80 år.

OVERREKKING: Arbeidarpartiet får berre laga plakettar opp til 70 årsmedlemskap, men Johannes Nesbø har vore medlem i 80. Partisekretær Kjersti Stenseng sørga for markering av jubileet.

Foto: Arbeidarpartiet

– Det var ein stor dag for han. Han skjønte og visste at det var noko spesielt som skjedde og at det var Arbeidarpartiet som kom på besøk, seier Gerd Nesbø.

Laurdag vart far hennar, Johannes Nesbø, heidra for å ha vore medlem av Arbeidarpartiet i 80 år. Han er no 96 år gamal, og bur på Svelgen sjuke- og aldersheim. Høyrselen har blitt dårlegare med åra, men banden til Arbeidarpartiet står like sterkt som det gjorde då han melde seg inn 1. januar 1936.

– Arbeidarpartiet har vore alt for han, fortel dottera.

– Eg blir audmjuk over arva vi skal føre vidare

På 30-talet var det ikkje berre å melde seg inn i eit parti. Ein måtte søkje om medlemskap, og ein måtte i grunn vere 21 år. Johannes var berre 17, men fekk medlemskapen godkjent, og har sidan vore trufast.

Markering av Johannes Nesbø sitt 80 år lange partimedlemskap.

VIKTIG: Familien til Johannes sette stor pris på at han vart heidra av partiet. På biletet: Solveig Wills, Thomas Øvstedal, Kjersti Stenseng, Anne Lise Gilleshammer (Bremanger Ap) og døtrene Gerd, Åse og Bjørg.

Foto: Arbeidarpartiet

Han vaks sopp i ei vanskeleg tid, under fattige kår. Fire år gamal miste han far sin og søskenflokken på fire vart splitta. Han vart send til familie på Vestlandet. 15 år gamal overtok han garden til onkelen, og hadde ansvar for å brødfø både tanta og søstera og sat med ein gjeldstynga gard.

– Eg vart rørt av Johannes. Å bli del av Arbeidarpartiet handla ikkje om at han skulle få eit betre liv, men at han såg så mykje urettferd, seier Kjersti Stenseng, partisekretær i Ap.

Ho hadde æra av å overrekke plaketten for langvarig medlemskap, som Johannes Nesbø er ein av 60 som har. Johannes flytta til Svelgen i 1968 og har gjennom åra vore medlem av kommunestyret og formannskapet.

– Vi har nesten 60 000 medlemmar, så det er ein eksklusiv klubb. Eg blir inspirert til å arbeide vidare for grunnverdiane våre, fellesskap og samhald, seier ho.