Hopp til innhold

Han har tilgitt nazi-bestefaren

VIK (NRK): Bestefaren var NS-lensmann i Vik og mora fekk barn med ein tysk soldat som var stasjonert i bygda. Ingen andre bygder i fylket hadde prosentvis fleire nazistar enn den vesle bygda ved Sognefjorden.

Jon Hilmann

HAR TYSK FAR: John Hillmann sin bestefar, John Olsen Vikøren, var NS-lensmann i Vik under krigen. Mor hans fekk barn med ein tysk soldat. Dermed er far hans tysk. Her leitar han etter bilder av den næraste familien sin.

Foto: Bård Siem / NRK

67 år gamle John Hillmann viser oss rundt i det gamle ærverdige trehuset i Vik sentrum, der bestefaren hans, John Olsen Vikøren, var lensmann under krigen. Vikøren var NS-medlem og tyskvennleg. Det var mange tyskarar i bygda under krigen, og det var her mor hans fann ein tysk soldat som ho forelska seg i og fekk barn med.

Har tilgitt

Hillmann har alltid tatt avstand frå det nazistane stod for, og har liten forståing for at bestefaren var NS-lensmann.

– Bestefar gjorde ein stor feil då han vart med i NS. Eg har ingen sans for NS-ideologien, seier Hillmann.

Har du hatt problem med å tilgje han?

– Nei, eg har tilgitt han. Han gjorde ein del dumme ting, men det er historie. Ein må sjå framover, seier Hilmann.

John Olsen Vikøren

I FENGSEL: John Olsen Vikøren var NS-lensmann i Vik under krigen. Han vart dømd til to eit halvt års fengsel for landssvik.

Foto: Privat

Få nazistar i fylket

Det var 396 NS-medlemmer i Sogn og Fjordane under krigen, noko som utgjer 0,54 prosent av folketalet. Landsgjennomsnittet var 1,66, altså langt høgare enn i vårt fylke. Krigshistorikar Stein Ugelvik Larsen har følgjande forklaring på at NS stod så svakt i fylket vårt.

– I Sogn og Fjordane var det på den tida først og fremst bygdelister og svak organisering av dei tradisjonelle politiske partia. Det var langt å reise og vanskeleg å få folk i tale, slik at Sogn og Fjordane var eit vanskeleg fylke å organisere for NS, seier han.

Også andre moment spelte inn, ifølgje Ugelvik Larsen.

– På kysten av Sogn og Fjordane var det sterk lågreligiøs aktivitet som var organisert i kyrkjelydshus. Der sleppte ikkje NS til. I dei indre fjellstroka av fylket var det den nasjonale ungdomsrørsla som stod sterkt. Også her hadde NS store vanskar med å få innpass, fortel historikaren.

Mange nazistar i Vik

Ingen kommunar i fylket hadde så mange nazistar som Vik. 41 personar var innmelde, noko som utgjer 1,32 prosent av befolkninga.

Ei av årsakene til at NS stod så strekt i Vik i høve andre stader i fylket, kjem truleg at to av Quisling sine regjeringsmedlemmer kom nettopp frå den vesle bygda i indre Sogn.

Gulbrand Lunde (1901–1942) var propagandaminister i Quisling-regjeringa, medan Sverre Riisnæs (1897–1988) var justisminister.

Arne Inge Sæbø

MANGE I VIK: Det at to ministrar i Quisling-regjeringa kom frå Vik, gjer at det var fleire NS-medlemmer i Vik enn resten av Sogn og Fjordane, meiner lokalhistorikar Arne Inge Sæbø.

Foto: Bård Siem / NRK

Lokalhistorikar Arne Inge Sæbø meiner det må ha påverka bygdefolket at to så sentrale NS-folk kom frå Vik.

– Det må ha påverka bygdefolket at to sentrale NS-folk og regjeringsmedlemmer kom frå Vik, seier han. Han legg til at det etter krigen har vore sterke spenningar mellom dei som var nazistar og resten av bygdefolket.

Gravferd Gulbrand Lunde og kona

GRAVFERD: Propagandaminister Gulbrand Lunde og kona omkom i oktober 1942 då bilen dei sat i hamne i sjøen. Det var spekulert i om heimestyrkane stod bak. Her frå gravferdsseremonien i Vik.

Foto: Riksarkivet

John Olsen Vikøren vart i lagmannsretten dømd til to og eit halvt års fengsel for landssvik. Han vart frådømt stillinga som lensmann for alltid, vart frådømt røysteretten i 10 år og måtte ut med 20.000 kroner i erstatning.

Gulbrand Lunde og Vidkun Quisling.

VAR FRÅ VIK: Propagandaminister Gulbrand Lunde frå Vik i Sogn i samtale med ministerpresident Vidkun Quisling.

Foto: Riksarkivet

Brevveksling mellom minister og lensmann

Etter å ha studert landssviksaka mot lensmann Vikøren, er det interessant å merke seg at han hadde hyppig brevkontakt med den tidlegare sambygdingen, justisminister og partifelle Sverre Riisnæs.

I eit av breva kjem han med følgjande rosande ord til NS-ministeren.

"Eg er stolt og glad over at Vik gjennom Dykkar og statsråd Gulbrand Lunde si ferd på ein heidersfull måte vil bli omtalt i Norges framtidige historie. Enno står bygdefolket imot det nye, men den dag vil kome, då det vil bli rekna som den største ære at bygda har fostra menn og førarar som var med og forma det nye riket, der vi skal leve fritt, stort og mektigt".

Sverre Riisnæs

I REGJERINGA: Sverre Riisnæs var justisminister i Quisling-regjeringa under krigen. Han kom frå Vik i Sogn.

Eg er stolt og glad over at Vik gjennom Dykkar og statsråd Gulbrand Lunde si ferd på ein heidersfull måte vil bli omtalt i Norges framtidige historie

John Olsen Vikøren

Riisnes skriv mellom anna dette tilbake:

"Jeg kan ikke si hvor det har gledet med, lensmann, at De er kommet med i reisningen vår. Det har også gledet meg slik at jeg ser at De fullt ut forstår hva det gjelder. Det sørgelige er at store deler av folket slett ikke forstår oss i dag, ja de har i virkeligheten ingen anelse om hva det gjelder".

Jeg kan ikke si hvor det har gledet meg, lensmann, at De er kommet med i reisningen vår. Det har også gledet meg slik at jeg ser at De fullt ut forstår hva det gjelder.

Sverre Riisnæs
Sverre Riisnæs- brev

SENDE BREV: På denne måten avslutta justisminister Sverre Riisnæs eit av breva han sende til John Olsen Vikøren, NS-lensmann i Vik.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

Budde fleire år i Tyskland

John Hilmann budde delar av oppveksten sin i Tyskland saman med mor si og den tyske faren. Som 16-åring flytta han attende til Vik. Han synest bygdefolket stort sett har oppført seg fint mot han.

– Det var heilt topp. Eg har vore leiar i det lokale idrettslaget og har sete i kommunestyret. Det viser vel ein god del, seier han.

Vart kalla "Hitler-jævel"

– Men eg ser i eit brev her at du mellom anna har vorte kalla« Hitler-jævel»?

– Dette var fyllevrøvl frå ein person som ikkje har injurierande kraft. Slikt bryr eg meg ikkje om, seier han

– Mor di vart saman med ein tysk okkupasjonssoldat. Har det vore vanskeleg å akseptere?

– Eg var ikkje ein gong fødd då, så dette kan eg ikkje meine noko om.

John Olsen Vikøren sin familie

FAMILIEN: Johan Hillmann avbilda saman med broren, foreldra og besteforeldra i Vik.

Foto: Privat

Politisk kartlegging av bygda

Som dei fleste andre bygder fekk sentrale NS-folk i Vik beskjed frå høgare NS-hald om å gjennomføre ei politisk kartlegging av innbyggjarane i kommunen. I landssviksaka er det vedlagt ei liste på 37 namn som Vikøren omtalar som «Jøssingar,» personar i bygda som var mest i opposisjon til NS og tyskarane.

Jøssingliste Vik

LAGA LISTE: Lokale NS-folk fekk utarbeidd ei 'Jøssing-liste' i Vik. Dette var personane i bygda som hadde mest imot NS og tyskarane.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

20.000 i fengsel for landssvik

Lensmann Vikøren er ein av om lag 20.000 nordmenn som vart dømde til fengsel for landssvik under krigen. Sambygdingen frå Vik, NS-ordførar Otto Svendsen, vart også dømd til fengselsstraff for landssvik.

Otto Svendsen

PARTIBOK: Otto Svendsen var NS-ordførar i Vik og ein av mange NS-ordførar som vart dømde for landssvik. Her ser vi partiboka hans.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

29.000 vart pålagt førelegg. Ytterlegare 40.000 var mistenkte og etterforska for landssvik, men sakene vart lagde bort. Frå 1. januar i år vart hemmeleghaldet rundt landssviksakene oppheva. Historikar og underdirektør ved Riksarkivet, Erland Pettersen, fortel at interessa for landssviksakene er stor.

Meiner straffa var rettferdig

Lensmann Vikøren vart dømd til fengsel for landssvik, men var ikkje av dei som stod bak dei endå meir alvorlege brotsverka.

John Hillmann

TEK AVSTAND FRÅ NAZISMEN: John Hillmann viser fram uniforma som bestefaren hans, John Olsen Vikøren, brukte under krigen. Bestefaren var lensmann og NS-medlem. Hillmann tek sterk avstand frå den ideologien NS stod for. Samtidig har han tilgitt bestefaren.

Foto: Bård Siem / NRK

Han vart mellom anna ikkje dømd for vald og vart frikjent for skuldingane om angiveri. Hilmann har ein kopi av domen heime i stova som han har studert fleire gonger.

– Eg meiner bestefar fekk ein rettferdig dom, seier Hillmann.

Laster innhold, vennligst vent..