Hopp til innhold

Han ser positive ting i kjølvatnet av storbrann og flaum

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal har lagt bak seg eit svært dramatisk og hektisk år. Men han meiner det faktisk kan kome noko godt ut av hendingar som katastrofebrann i januar og skadeflaum i oktober.

Jan Geir Solheim

HAR KOME STYRKA UT: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal ser mykje positivt i det som har hendt i 2014.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg ser mange positive ting med det som skjedde. Vi har fått betre samhald. I tillegg gjer det som skjedde noko med tenkemåten til dei som berre snakkar om sentralisering og store einingar. På den måten trur eg faktisk vi har ein nasjonal påverknad.

Ikkje minst har han fått lære at folk og etatar stiller opp på tvers av kommunegrensene.

– Det som har skjedd har gitt oss ein tryggleik i det at naboane våre stiller opp og at vi har eit nettverk rundt oss som er sterkt og godt.

– Veldig stolt over bygda mi

Og han angrar ikkje på at han i tolvte time sa ja til å bli ordførar i 2011.

– Eg angrar korkje på at eg sa ja eller på alt det eg har fått oppleve. For eg er blitt veldig stolt over bygda mi, og eg kjenner at eg personleg har kome styrka ut av det.

Det store målet no er å få Lærdal kommune på rett kjøl att reint økonomisk.

– Der har vi lagt ein god plan som vi vedtok 18. desember. Det blir i løpet av 2015.

Som dei fleste veit fekk ikkje Lærdal på langt nær så mykje pengar frå Staten som dei hadde håpa på til oppattbygging av det storbrannen raserte.

– Det er ikkje tvil om at vi har fått mykje mindre enn det vi trengde og håpa på. Vi er slett ikkje nøgd med måten Staten har stilt opp på i etterkant.

Erna Solberg i Lærdal

– IKKJE NØGD: Statsminister Erna Solberg er mellom mange høgprofilerte personar som tok turen til Lærdal etter storbrannen, men ordføraren er ikkje nøgd med det regjeringa har kome med av reell hjelp.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Har meir å gje

Men Solheim ser teikn til at flaumen i slutten av oktober har gjort noko med måten regjeringa taklar slike naturkatastrofar.

– Då det var fleire kommunar som vart råka av flaumen var staten raskare til å kome med pengar straks.

Lærdal bad om 50 millionar kroner etter storbrannen, Staten gav dei berre 14 millionar. Men slike slag i trynet har ikkje skremt Solheim frå å stille seg til disposisjon for fire nye år i lokalpolitikken.

– Eg tenkte meg ikkje lenge om før eg sa ja til å stille til val att. Det er framleis mange utfordringar å løyse, og det er veldig interessant å jobbe med politikk. Eg føler at eg har meir å gje, eg er ikkje ferdig med det, og no kan eg mykje meir.

Samstundes er han så audmjuk at han ikkje tek for gitt at han blir vald til ordførar for ein ny fireårsperiode.

– Men eg vil iallfall vere med i kommunestyret og vere med på dette vidare.

– Ja, for du har vel eigentleg ikkje fått mykje tid til å drive politikk det siste året.

– Ja, det er eg forundra over sjølv også, kor lite politikk det går an å drive når ein trass alt er politikar.