– Regjeringa føreslår auka løyvingar til veg og bane over statsbudsjettet for 2014. Mellom anna vil vedlikehald av jernbanen få eit ekstraløft, og vi løyver midlar til å utbetre skadar på veg- og jernbanenettet etter flaumen på Vestlandet tidlegare i haust, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå Samferdseldepartementet i dag.
Regjeringa har i dag kome fram til eit budsjettforlik saman med støttepartia Venstre og KrF.
I pressemeldinga kjem det fram at regjeringa føreslår å bruke 10 millionar kroner til å utbetre skadane som flaumen på Vestlandet påførte riksvegnettet i Hordaland og Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ:
6 millionar til Flåmsbana
Oktoberflaumen gjorde store skader, både på hus og heim, men og på vegnett, jernbane og jordbruksfelt.
Flåmsbana vart også hardt råka av flaumen, og har vore stengt for trafikk i fleire veker etter ekstremvêret.
I det nye forslaget føreslår regjeringa å løyve 6 millionar kroner til denne strekninga. Bergensbanen er føreslått tildelt den same summen.
Ingenting til Bjørset – Skei
Då Venstre i starten av november la fram sitt framlegg til statsbudsjett, ønskte dei å setje av 35 millionar kroner til vegprosjektet Bjørset–Skei i Jølster.
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre seier at dette har dei ikkje fått gjennomslag for i budsjettforliket.
– Vi hadde pengar inne, men fekk ikkje dette inn i det endelege forliket med Høgre, Frp og KrF. Vi håper denne strekninga kan komme tilbake til i revidert nasjonalbudsjett til våren, seier Rotevatn til NRK.