Hopp til innhold

– Opp imot den store tunge etaten, blir du veldig liten

INNVIK (NRK): Reidar Holen (67) kjempar ein innbiten kamp mot Statens vegvesen for å få tilbake jorda han meiner dei lova han. Han føler han ikkje blir teken på alvor.

Reidar Holen

STRIDENS KJERNE: Området bak Reidar Holen er det han meiner Statens vegvesen skulle ha fylt ut og opparbeidd for å erstatta den dyrka marka han gav til vegprosjektet i 2010. Då hadde han fått 10–12 mål ekstra. I dag har han 20 prosent mindre enn før vegprosjektet starta i 2010.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– På nedsida her hadde vi cirka fem dekar, som vi no køyrer på asfalt på, fortel Reidar Holen.

Omtrent like lenge som han har eigd familiegarden Holen, har det vore vegprosjekt der. I 2010 fekk Statens vegvesen forsyne seg av den mest lettdrivne marka hans ved fjorden for å forbetre fylkesveg 60. Sidan har Holen jobba for å få tilbake tilsvarande areal.

I planen

Eit tidlegare vegarbeid gjekk knirkefritt. Holen hadde tillit til vegvesenet. I reguleringsplanen var det skrive at Holen skulle få att tilsvarande dyrka mark ved å fylle opp eit område i nærleiken. Men fyllinga var ikkje nemnt på dei avgjerande stadene i dokumentet.

Med det er det berre ei moglegheit dei har til å gjere det, dei skal ikkje gjere det.

– Burde du sett deg meir inn i reglane?

– Då er spørsmålet om eg burde vere skeptisk. Eg hadde vel eigentleg ikkje nokon grunn til å ta juridisk embetseksamen for dette.

I vente av ein geolograpport, signerte han arbeidsløyvet så vegvesenet kunne begynne. Konklusjonen kom, fyllinga blei ikkje noko av.

Rune Holen og Reidar Holen

UVISSE: Far og son, Rune Holen og Reidar Holen, har hatt vegprosjekt på grunnen i mange år. – Problemet har vore at du heile tida har hatt usikkerheita, kva du sit igjen med av areal til slutt, når dette er over, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Angrar

Arbeidsløyvet Holen seier han trudde gjaldt for eit enkeltområde, gjaldt for fleire av områda hans.

– Då følte du at du vart finta ut. Etter det har vi vore rykande ueinige med Statens vegvesen. Vi meiner dei har lova arealet både skriftleg og munnleg, seier sonen Rune Holen.

Dei understrekar at dei er glade for betre veg. Prosessen er problemet. Dei meiner vegvesenet ikkje tek omsyn til «den svake part».

Far og son Holen seier munnlege lovnader frå prosjekt til prosjekt og lite skriftleg dokumentering har gjort det vanskeleg å få ting dei meiner dei har vorte lova.

I 2015 signerte Reidar Holen ein sluttavtale med vegvesenet.

– For ikkje å øydelegge seg helsemessig, var det berre éin ting å gjere. Det skulle eg sjølvsagt aldri ha gjort.

Rune Holen seier dei i forkant av underskrivinga, var sikre på at dei hadde fått til eit kompromiss med vegvesenet om fjord-området. Dei godtok at det ikkje skulle fyllast ut, men ville at det eksisterande jordstykket skulle sikrast mot utvasking og opparbeidast til dyrka mark.

Ingen av delane skjedde. Erstatninga på 100.000 kroner kallar sonen «ekstremt låg».

– Alle som har sete i ei gravemaskin, veit at du aldri greier å dyrke opp att det landbruksarealet for 20 kroner rutemeteren.

I sluttavtalen fekk Holen totalt utbetalt fleire hundre tusen kroner i erstatning frå vegvesenet, der det største enkeltbeløpet var knytt til driftsulemper ved prosjektet.

Ikkje plikt

Reguleringsplanen gir moglegheit for fylling, men ikkje ei plikt, stadfestar Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– I utgangspunktet er gardbrukarar profesjonelle landeigarar. Eg trur det er forventa at ein skal kunne setje seg inn i reguleringsplanar.

Har også vegvesenet ei plikt til å rådgi og informere så ein veit at folk har forstått prosessane?

– Ja, og det blir gjort ved at det blir gitt informasjon om reguluringsplanane, og dei blir lagt ut på høyring i kommunane.

At vegvesenet har gitt munnlege lovnader og drive lite skriftleg dokumentering, kjenner Finden seg ikkje att i. Når det gjeld erstatninga, inneber den meir enn pengesummen, seier han.

– Her har vore utebetalingar, men det har også vore utført arbeid på eigedommen som ein del av kompensasjonen.

Han viser til at Holen også har fått fri advokat for juridisk bistand. Holen meiner han har hatt lite nytte av advokathjelpa frå vegvesenet.

Lik behandling

Finden seier ein geoteknisk rapport viser at området er etablert på ein forsvarleg måte med grov stein som beskyttar og ikkje gir skadeleg utvasking.

– Holen seier det har vore vanskeleg å møte ein stor etat, han opplever å ikkje ha blitt teken på alvor?

– Det er beklageleg viss han tykkjer det. Vegvesenet har ei rolle og eit regelverk å halde oss til for utbetalingar i samband med grunnavståing eller ulempe. Det viktige er at regeleverket blir handheva likt i alle prosjekt.

Vegvesenet vil ikkje gjere noko meir i saka.

Reidar Holen seier dei er heilt ueinige i korleis vegvegveset framstiller saka.

Gav opp drifta

For fire-fem år sidan gav Reidar Holen opp å drive med sau. Då han gav areal til vegprosjektet, miste han 20 prosent av marka si.

– Når det forsvann, blei det litt smått. Og det blei smått med motivasjon.

Holen har likevel ikkje gitt opp saka. No har han sendt klage til Fylkesmannen.

– Kva skal til for at du kan setje eit punktum?

– At du føler at du blir teken på alvor, og at du har fått oppfylt det du har vorte lova – eller i alle fall trudde du hadde vorte lova.