Hopp til innhold

Han hadde berre scora tre mål før sesongen, men sjekk no....!

SOGNDAL - FREDRIKSTAD 2-0 (NRK): Hannu Patronen er ikkje akkurat kjend for å bøtte inn scoringar. No har han allereie scora like mange til no i sesongen som i dei tre føregåande åra til saman.

Hannu Patronen scora to mål mot Fredrikstad

SJELDANT SYN: Hannu Patronen kunne juble for to scoringar heime mot Fredrikstad.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ikkje ofte eg scorar to mål i same kampen. Kan faktisk ikkje hugse at eg har gjort det før, seier midtstopparen til NRK.no etter at Sogndal har slått Fredrikstad 2–0 – med begge måla signert Hannu Patronen:

  • Allereie etter sju minutt raga den sterke finnen høgast på ein corner, og stanga ballen knallhardt i nota bak keeper.
  • Ein halv omgang seinare var han på plass igjen. Nok ein gong på corner. Og nok ein gong knuste han all motstand inne i feltet, då han banka ballen i nota med pannebrasken.

– Det var absolutt bra mål. Eg er nøgd med denne kampen, seier Patronen.

Laster innhold, vennligst vent..

Ein kamp med klasseskilnad på laga

Sogndal hadde stort sett full kontroll på kampen mot Fredrikstad frå start til slutt – utan at det gneistra av heimelaget. For etter dei to måla seinka det seg ein form for ro over Fosshaugane, og det var i realiteten aldri nokon tvil om kor dei tre poenga ville hamne.

– Det var vel ikkje spesielt god fotball, men ein stabil kamp frå vår side. Dei hadde femten minutt der dei var med på notane, elles hadde dei ingenting å by på, oppsummerer Patronen.

Han hadde saman med resten av Sogndal-forsvaret uvant lite å gjere på, og det vesle som kom vart enkelt stoppa av den defensive kvartetten.

Eirik Bakke meiner Sogndal hadde kontroll på Fredikstad, men at laget har ein del å jobbe med.

– Heile laget kosar seg, og det er herleg stemning

Sjølv meiner den finske forsvarsbautaen at han har scora berre eitt mål i seriekamp for Sogndal før den inneverande sesongen. Ifølgje sogndalfotball.no og wikipedia står han med tre nettkjenningar. Uansett: Han er ikkje typen som noterer seg veldig ofte i målprotokollen.

No har han scora tre mål berre til no denne sesongen, og er toppscorar saman med Robin Shroot og Kristian Fardal Opseth – sånn sett er det kanskje eit symptom på at han stortrivst under Eirik Bakke sitt nye regime på Fosshaugane.

– Det er veldig bra no. Heile laget kosar seg, og det er ei herleg stemning. Samstundes er det kamp om plassane på laget, seier Patronen.

– Eg synest det er heilt greitt at vi rullerer såpass mykje på laget. Då held vi oss på tå hev, og det er dei same kriteria som gjeld for alle.

Hannu Patronen under keeper Håvar Grøntvedt Jenssen

INNSATS: Slik er vi vande til å sjå Hannu Patronen. Kompromisslause duellar og full innsats har blitt varemerket til den finske midtstopparen, som her ligg under keeper Håvar Grøntvedt Jenssen på Fredrikstad.

Foto: Steinar Lote / NRK

Skal bli ein god del betre i det offensive spelet

Overfor NRK understrekar Patronen at opprykk til eliteserien er det einaste som betyr noko for han no. Trenar Eirik Bakke er samd i at Sogndal no er inne i ei flytsone.

– Vi er ein bra gjeng saman, både på og utanfor bana. Spelarane legg ned mykje innsats i kampen, spring mykje, og vi kjem til å bli betre og betre i måten vi skal spele på. No har vi fått ein god start, seier han.

– Det verka enkelt og greitt – Sogndal kontrollerte kampen?

– Då vi fekk måla, gjorde det at vi slapp å jage. Så det var ein god kamp igjen. Eg synest vi er solide og vanskelege å møte no. Men vi skal jobbe meir med det offensive spelet vårt, slik at vi klarer å bryte ned motstandaren endå meir, seier Bakke.

Sogndal toppar no tabellen i førstedivisjon med 26 poeng etter elleve serierundar. Fredrikstad ligg under streken med sine åtte poeng. Sogndal møter onsdag Hønefoss i cupen i neste kamp på Fosshaugane.

Kaptein Rune Bolseth meiner Sogndal har meir på lager etter 2-0 mot Fredrikstad.