Hopp til innhold

Siger i dag – halvvegs til opprykk

Siger mot Fredrikstad i dag, vil ta Sogndal halvvegs til ein poengsum som med dagens system ville vore nok direkte opprykk i 2013, og kvalikk alle år. Med berre ein tredel av kampane spelt!

Eirik Bakke

ÅTVARAR: Eirik Bakke og Sogndal har plukka mykje poeng i starten, men Sogndal-ekspert Jon Navarsete åtvarar mot å stole på statistikk. Han trur likevel Sogndal vil vere med å kjempe om opprykk heile vegen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Fotball er ikkje matematikk. Det nyttar ikkje å rekne poeng i mai. Matematikk får de i media drive med. Men eg ser poenget ditt, det har vore ein veldig, veldig god start, seier Jon Navarsete.

Sogndal-eksperten har nettopp blitt presentert tala som syner kva som har vore nødvendig for å rykkje opp til eliteserien dei fire siste åra, sidan 1. divisjon vart lagt om til 30 kampar med direkte opprykk for to lag og kvalifiseringsplass for fire.

– Levanger-kampen viser at alt kan skje

Sogndal har 23 poeng når ein tredel av kampane er spelt.

  • 2014: Direkte opprykk: 59 poeng. Kvalikk: 48 poeng.
  • 2013: Direkte opprykk: 52 poeng. Kvalikk: 47 poeng
  • 2012: Direkte opprykk: 63 poeng. Kvalikk: 44 poeng.
  • 2011: Direkte opprykk: 56 poeng. Ingen kvalikk.

Med siger heime mot Fredrikstad i dag, hadde Sogndal vore halvvegs til direkte opprykk i 2013, og sikra kvalikkplass alle år.

Jon Navarsete

SOGNDAL-EKSPERT: Jon Navarsete.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg ser poenget. Kampen mot Fredrikstad ser på papiret ut som ein lett match. Men fotball er aldri slik. Levanger-kampen heime er eit bevis på det. Dei må vere profesjonelle og kjempe hardt.

– For tidleg å snakke om opprykk, men ...

Sidan 3–1 tapet heime mot Levanger har Sogndal spelt ein uavgjort, og vunne fire seriekampar på rad.

– Eg trur laget trengde den vekkaren mot Levanger. Slike treng ein for å skjøne kva det handlar om, kva som skal til for å vinne kampar, seier Navarsete.

Han gir både trenaren og spelarane stor skryt for sesongen så langt.

– Det er berre å gle seg. Eirik (Bakke) har ein ekstrem vinnarskalle og ser ut til å ha greidd å prente det inn i spelarstallen. Det er godt miljø og ei god treningsgruppe, og mange typar i laget som er gode til å ta tak og gjere det som er nødvendig for å vinne kampar, seier han, og legg til.

– Mykje peikar rette vegen og eg trur Sogndal vil vere med å kjempe om opprykk. Men å byrje å snakke om opprykk allereie no, er tidleg.