Sogndal har teke over og festa eit solid grep om tittelen som storebror i vest. Ei rolle Sportsklubben Brann har hatt i alle år.
– Eg trur Sogndal rykkjer opp, seier Løken, som sjølv har mange minne frå Fosshaugane som spelar.
– Det var alltid vanskeleg. Du visste at du møtte ein gjeng som hadde bretta opp ermene og som spelte med hjarta utanpå skjorta kvar gong. I tillegg til kontinuitet på trenarsida og folk som kjenner klubben, er det nøkkelen til
suksess, seier Løken, som ikkje er overraska over at Sogndal no er storebror i vest.
– Det er meir overraskande at Brann er så dårlege som dei er, seier Løken.
- Les også:
Trur det snur for Brann
Bergensar og Sogndal-spelar Lars Christian Kjemhus trudde aldri at det var storebror han kom til, frå Fana før årets sesong.
– Det hadde eg ikkje trudd. Men det er veldig gøy at vi får det så godt til, seier Kjemhus.
Midtbanespelaren er fostra opp med Brann, vanka som liten på «Staddaen» og har spelt for den falma storheita.
No er seriemeisteren frå 2007 nærare nedrykk frå 1. divisjon enn direkte opprykk til eliteserien. Ni poeng bak serieleiar Sogndal.
– Det er veldig spesielt, for Brann har alltid vore størst og gjort det best. Men det snur nok for Brann ein eller annan gong, seier Kjemhus.
- Les også:
Gjer ingenting halvveges
21-åringen vil ikkje meine noko om kva som har gått gale for Bergens stoltheit. Men han veit kva som fungerer i Sogndal.
– Vi har eit veldig godt lag, ein flink trenar i Eirik Bakke og svoltne spelarar som gir alt kvar dag. Vi gir alt kvar kamp og gjer ingenting halvveges, seier Kjemhus, som håpar det snart snur også for Brann.
– Eg unner Brann mykje meir suksess enn det dei opplever no. Eg håpar inst inne at det snur, for det som skjer no, går utover heile byen, seier Kjemhus.
Han peikar på at Brann er ein av dei største klubbane i landet.
– Då vert det heilt feil at dei ligg der dei ligg no, seier Kjemhus. Og det er Karl Petter Løken samd i.
- Les også:
Har større press
– Vi treng dei på øvste nivå i Norge, og ikkje i eit tilvære der ingen bryr seg om dei, seier Løken, og peikar på at det er for mykje turbulens rundt laget i Vestlands-hovudstaden.
– Dei har sjølvsagt eit større press, noko Sogndal går klar. Men det er ikkje noko unnskyldning. Brann skal ha eit lag som er godt nok til å hevde seg på øvre halvdel av øvste divisjon, ikkje på nedre halvdel på nivå to, seier Løken.
- Les også: