Sogndal skreiv historie utan å vite det

Utan å vite det skreiv Kristian Rutlin (15) historie då Sogndal tok seg vidare til andre runde av NM-cupen onsdag.

Eirik Bakke, Mariuis Bøe og Helge Haugen før kampstart

NØGD: Eirik Bakke nytta høve til å presentere fleire debutantar i kveldens cupoppgjer borte mot Lysekloster.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Med sine 15 år og 312 dagar er den 181 centimeter høge sisteskansen tidenes yngste spelar for Sogndal Fotball sitt A-lag.

Kristian Rutlin

HISTORISK: Kristian Rutlin skreiv historie då han debuterte mellom stengene for Sogndal Fotball.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Geir Erik Røysi var 15 år og 320 dagar gamal då han i 1998 debuterte i Sogndal sitt største tap på heimebane i Eliteserien – 0–9 mot Stabæk.

– Eg visste det ikkje før etterpå, men det var kjekt å få debuten. Det kjennest godt å komme så tidleg inn i laget, seier Rutlin.

Var nervøs

Sogndal gjekk som venta vidare i cupen etter 5–1 over 3. divisjonslaget Lysekloster. Ved pause stod det 2–0.

Med Mathias Dyngeland skadd, var det 15-årige Rutlin som overtok plassen mellom stengene då Christian Sukke fekk kjenning med lysken i første omgang.

At han vart historiens yngste spelar, var det Sogn Avis som fortalde først til han.

– Eg var sjølvsagt litt nervøs, men dei andre på laget støtta meg og hjelpte meg inn i kampen. Dei sa eg berre måtte tru på ferdigheitene mine, så ville dette gå bra, seier debutanten.

– Grei debut

Rutlin tykte det var greitt å få debuten i cupen, mot ein svakare motstand.

– Men det var ganske tøft. På slutten vart det ein del dødballar og frispark. Min store styrke er kanskje ikkje å vere tøff i duellane i boksen, men det gjekk fint, seier han.

– Trur du på meir speletid i år?

– Eg tenkjer ikkje på at eg må ha meir speletid akkurat no. Men fram til Mathias er tilbake, så er det vel eg som kjem inn dersom Sukke blir skadd.

Debuterte med mål

– Det var moro for Kristian å få kjenne litt på nivået. Guten er berre 15 år, og var vel litt nervøs, men han kom godt frå det, seier manager Eirik Bakke som også gav Fredrik Flo (18), Asgrim Farnes (18) og Simen Brekkhus (17) sine første speleminutt på A-laget. Sistnemnde frå start.

Eirik Bergum Skaasheim

TRAKKA OVER: Eirik Bergum Skaasheim trakka over mot slutten av kampen, men Eirik Bakke håpar både han og Christian Sukke er klar til bortekampen mot Nest-Sotra i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Lars Christian Kjemhus (21) spelte sin første kamp frå start og takka for tilliten med to mål. Også Flo, som er son av Håvard Flo, noterte seg for mål.

– Når vi har høve til det, så må vi gje unggutane sjansen. Marius Bøe og dei andre på Sogndal 2-teamet er har gjort ein god jobb med spelarane. Dei fortener sjansen, og det vil heilt sikkert komme fleire, seier Bakke.

– Gjorde jobben

Ved sidan av Kjemhus og Flo, scora også Mahatma Otoo og Kristian Fardal Opseth for Sogndal. Bakke er nøgd med innsatsen til spelarane.

– Eg er meir nervøs for desse kampane enn vanlege. Ein må gjere jobben og vere 100 prosent til stades. Vi møtte eit entusiastisk lag som ville slå oss, men vi gjorde jobben, seier han.

– Slike kampar er det viktig å vere skikkeleg på, elles får ein fort ei cupbombe. Spelarane stod på og gjorde andreomgang til ei transportetappe, seier han.