Hopp til innhold

Blei til einmannskontor: – Skulle ønske eg strakk til

Sakene tårnar seg opp for Bremanger lensmannskontor etter at dei mista to av tre politifolk. No sit sjefen igjen åleine med overflod av politioppgåver.

Espen Gulliksen

EINMANNSKONTOR: Pengemangel gjer at tenestestadleiar Espen Gulliksen må klare seg aleine på Bremanger lensmannskontor ut året.

Foto: EIRIK JOHNSEN / NRK

– Eg må gjere arbeidet som før blei fordelt på tre tilsette, seier tenestadleiar Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor.

Det er stille på kontoret sjølv om dagane er meir travle. To av politibetjentane gjekk over til andre politistillingar i nabokommunen Flora i februar, men stillingane i Bremanger er ikkje erstatta av nye. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

No er Gulliksen einaste politi på lensmannskontoret som handsamar mellom 100 til 150 saker årleg. Einmannskontoret er ei belastning for den røynde politimannen.

– Eg flyr frå sak til sak og må prioritere vekk noko. Eg skulle ønske eg strakk til, seier han.

Stillingane skulle bli erstatta, men på grunn av pengemangel må Gulliksen truleg klare seg aleine ut året. Det gjer at innbyggjarane vil møte stengde dører.

– Det er ikkje godt nok, meiner Gulliksen.

Situasjonen er langt frå unik. Åtte av tolv politidistrikt held stillingar ledige for å spare pengar.

– Vi har ikkje nok pengar

I år får politiet 186 nye politistillingar over heile landet. Vest politidistrikt får 17 stillingar frå denne potten, og er blant politidistrikta som kjem best ut. Likevel må politiet i Sogn og Fjordane halde minst ni stillingar ledige på grunn av pengemangel.

– Vi har eit betydeleg tal på stillingar det skal vere folk i, men vi har ikkje nok pengar. Det er ein særs uheldig situasjon. Vi jobbar med å få politifolk til dei ledige stillingane, som i Bremanger blant anna. Bremanger får hjelp av politiet i Florø ved behov, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Politiet sitt budsjett blei større i år, men krav om effektivisering gjer at politiet likevel har mindre pengar å rutte med.

– Det er både større og mindre kontor som må halde stillingar ledige. Politidirektoratet har gitt oss klare signal om at vi må prøve å tilsette i ledige stillingar, og leiargruppa i Vest politidistrikt ser på korleis vi kan finne pengar til dette.

Arne Johannessen

PENGEMANGEL: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, vil ha fleire politifolk, men har ikkje pengar nok.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Rysta

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er rysta over korleis situasjonen er for politifolk over heile landet.

– Dette er forferdeleg. Situasjonen i Bremanger er ikkje unik. Nærpolitireformen til regjeringa har blitt til ein fjernpolitireform, seier han.

– Det er ikkje rart at politiet i Bremanger er fortvilte. Dette må vi klare å snu, seier Vedum.