NRK Meny
Normal

Han blir den nye trenaren til Førde

Stig Nord tek over som trenar etter sommaren og leiar laget ut sesongen.

Stig Nord vert Førde-trenar

TEK OVER: Stig Nord tek over trenaransvaret for Førde etter at Torbjørn Glomnes trakk seg i helga.

Foto: Arne Eithun / NRK

Etter at Torbjørn Glomnes trekte seg frå trenaransvaret i helga, har det sportslege apparatet i Førde jobba hektisk for å på plass ein erstattar. Valet fell på Stig Nord, som har bakgrunn som trenar både for Sogndal og Førde.

– Stig Nord kjem til å vere hos oss ut sesongen, seier Per Øivind Storevik, styreleiar i Førde fotball.

Storevik seier det var viktig å få på plass ein lokal trenar som kjenner klubben godt frå før.

– Fotballkunnskapen til Stig Nord har vore avgjerande for valet vi har gjort.

Dermed kan klubben leggje bak seg ein turbulent periode og heller fokusere kreftene på å samle poeng i 2. divisjon.

– Både vi som jobbar rundt klubben og spelarane ønskte at Torbjørn ville fortsette ut året. Slik vart det ikkje og då måtte vi trå til med ein plan B, seier Storevik.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen