Hopp til innhold

Var einaste kandidat til jobben

Styreleiar i Førde fotball er glad for å endeleg ha trenaren for A-laget på plass. Prosessen har teke tid, sjølv om det berre har vore ein kandidat til jobben.

Torbjørn Glomnes

DEN RETTE: Torbjørn Glomnes, som tidlegare har vore trenar for Sogndal og no er spelarutviklar i Førde fotball, tek etter denne sesongen over som hovudtrenar for Førde sitt A-lag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har brukt tid på å definere arbeidsoppgåver. Knut Erik Folland har vore i jobben i åtte år, og etter kvart utvida oppgåvene til meir enn berre å vere trenar. Dette måtte vi sjå nærare på, og det har vore tidkrevjande, seier styreleiar i klubben, Leif Arne Åsen.

At trenar Knut Erik Folland ville gje seg etter denne sesongen har vore klart sidan byrjinga av august. Kven som skulle ta over ansvaret har vore uvisst, men no er det endeleg klart at Torbjørn Glomnes tek over.

Trygg på kven dei ville ha i jobben

Glomnes har tidlegare vore trenar for Sogndal, frå 1999 til 2003. Sidan 2010 har han vore tilsett i Førde IL Fotball, som spelarutviklar.

– Det var naturleg å starte i eigne rekkar å sjå seg om etter ein etterfølgjar. Det har ikkje vore andre kandidatar til jobben, men fleire har teke kontakt med oss, fortel Åsen.

Knut Erik Folland (t.v.) og Torbjørn Glomnes

TEK OVER: Torbjørn Glomnes (t.h) tek over for Knut Erik Folland, som trenar for Førde fotball sitt A-lag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han fortel at valet var særs enkelt då både Glomnes er motivert for jobben og spelargruppa er positivt innstilt. No jobbar klubben med å avklare dei siste brikkene i kabalen kring laget og klubben.

– Vi skal erstatte Torbjørn si trenarutviklarstilling. Den personen får også ansvar for sportsplanen til Førde fotball, men vi har ikkje heilt definert rolla enno, seier Åsen, som ikkje ser vekk frå at dei også der vil hente kompetanse frå eigen stall.

Førde sitt A-lag i fotball møter laurdag Vard Haugesund til dyst på Førde stadion. Det blir Knut Erik Folland sin siste heimekamp som trenar for klubben.