Hopp til innhold

Yngve Hallén tar ikkje attval som fotballpresident

FØRDE (NRK): Fotballpresident Yngve Hallén tar ikkje attval. Det sa han på tinget til Sogn og Fjordane Fotball i dag.

Fotballpresident Yngve Hallén stiller ikkje til gjenval etter seks år på toppen i NFF.

SJÅ INTERVJU: Fotballpresident Yngve Hallén gir seg etter seks år i NFF.

– Mitt engasjement og hjarte for norsk fotball er og forblir stort. Sjølv om eg også var svært usikker i sommar, valde eg likevel å seie til valgkomiteen i august at jeg stod til disposisjon om dei ønskte det. Men i slutten av oktober bad eldsteguten Brage om ein prat. Beskjeden hans var ikkje til å misforstå. Eg ombestemte meg vel der og då. Også for kvar eg skulle formidle det.

Slapp nyheita frå talarstolen

Det var frå talarstolen til Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane han meddelte avgangen etter seks år som fotballpresident. Det vart umiddelbart stille i salen. Før alle reiste seg og gav ståande applaus til presidenten.

– Det er veldig kjekt og det er ein fotballfamilie i Sogn og Fjordane som eg føler sterkt for, seier Hallén til NRK.no.

– Det er Sogndal og fotballen i Sogn og Fjordane som har fostra meg som idrettsleiar, og derfor følast det rett for meg å meddele dei det først. Eg meiner det også var rett å vente til etter play off-kampane og cupfinalehelga av omsyn til norsk fotball. Det ville gitt heilt feil fokus inn mot to store sportslige hendingar.

Livet som president har vore både oppturar og nedturar.

– Den største sportslege oppturen har vore bronse med U-21 i Israel, og det er den gjengen som er på A-landslaget for herrar. Så må eg også seie at sjølv om det har vore tung når vi var i Canada og rauk ut av VM, og når vi rauk ut i play-offen i Budapest så må eg seie at det har vore sterkt å vere med dei som kjenner det sterkt på kroppen, spelarar og teamet rundt.

Artikkelen held fram under biletet.

Yngve Hallen

HAR VORE OMSTRIDD: Yngve Hallén har motte tole kritikk i fleire saker dei siste åra. No seier han seg ferdig som president i Norges Fotballforbund.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Tøft år for presidenten

Det siste året har vore turbulent for Hallén. I i sommar vart han vraka til idrettsstyret I tillegg har han måtte svare for korrupsjonsskuldingar i ei kontroversiell bok, skuldingarHallén etter kvart valde å trekke for retten. Hallén vart seinare frikjent av sitt eige forbund.

Yngve Hallén var også i hardt vêr i samband med avgangen til den dåverande norske landslagstrenaren Egil «Drillo» Olsen. Olsen meinte han hadde fått sparken, medan fotballpresidenten hadde eit anna syn.

Han har òg hausta mykje kritikk i samband med krisa i FIFA og korrupsjonsskuldingane mot Sepp Blatter. Men Hallén avviser at avgangen har noko med det turbulente året å gjere.

– Absolutt ikkje. Det har vore eit år med mange saker. Det er klart at når du står som leiar så må du formidle, men det har vore ei stor tryggheit å ha eit forbund i ryggen.

Ingen konkrete planar

Førebels har ikkje Hallén nokon konkrete planar for kva han skal gjere vidare.

– No skal eg fullføre dei tre siste månadane. Så får vi sjå. Eg er engasjert i ulike fritidsaktivitetar så trur ikkje eg kjem til å drive dank.

– Eg vart vald av eit samla fotballting for knappe to år sidan. Eg meiner det no er viktig at valkomiteen samlar seg om ein god kandidat, utan at eg som sittande president lurer i buskene. Difor meiner eg dette er det beste valet også for Fotball-Norge, sa Hallén frå talarstolen.