Hopp til innhold

Hadde trua – men berre ein elev ville gå på kristen skule

Berre dottera til rektor Odd-Jarle Øverås hadde takka ja til å starte på den nye kristne skulen i Fjaler. Dermed var eventyret over før det hadde kome i gang.

Rektor Odd-Jarle Øverås

SKUFFA REKTOR: Odd-Jarle Øverås har framleis trua på at det kan bli noko av den kristne skulen i Fjaler.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi har drive og reklamert for det og satsa på det, men når dagen kom var det berre ein elev som hadde takka ja og ville starte på skulen. Vi ønskte eit større elevgrunnlag for å setje i gang skulen, seier Odd-Jarle Øverås til NRK.

Det var avisa Firda som først melde dette i dag.

Oppstarten av den kristne skulen i Sunnfjord har fått mykje merksemd dei siste månadane, mellom anna fordi dei hadde tilsett den tidlegare fotballproffen Claus Lundekvam som gymlærar.

Berre ei takka ja

– Vi var veldig glad for at vi fekk tilbod om at han ville engasjere seg og bidra med sitt. Men av familiære grunnar måtte han trekkje seg frå prosjektet, uavhengig av om vi starta opp eller ikkje, fortel rektor.

– Visste de ikkje før i dag at det berre var ein elev som var interessert?

– Det er fleire som har vore interesserte, men det var berre ho som takka ja til slutt. Vi har halde ope for at fleire kunne søkje og ta imot plass heilt til no. Difor visste vi ikkje endeleg før i helga at det ikkje blei noko av.

– Alt håp er ikkje ute

Øverås seier til NRK at krinsen rundt skulen har brukt mykje tid og krefter på etableringa, og at han er skuffa over at det i alle fall førebels ikkje blir noko av prosjektet.

– Eg ville jo helst stått i klasserommet no. Men alt håp er ikkje ute, vi har fått tre år på oss til å kome i gang med skulen. Om det er nokon som angrar på at dei ikkje sende ungane sine, så er dei hjarteleg velkomne til å ta kontakt.

– Det er folk som er tilsett og det er leigd lokale, kva gjer ein med dette?

– Det vi har sagt til dei vi har tilsett er at vilkåret er at vi får nok elevar til å kome i gang. I forhold til lokalet må vi seie opp leigeavtalen, konkluderer rektoren utan elevar.

Ordførar Gunhild Berge Stang (V) ønskjer ikkje å kommentere at den kristne skulen ikkje blir noko av.

– Eg vel å ta dette til etterretning, seier ho til NRK.