NRK Meny
Normal

Claus Lundekvam kan bli gymlærar på kristenskule

Den tidlegare fotballproffen med fortid i Brann, Southampton og det norske landslaget kan bli inspirator og fotballtrenar ved ungdomsskuletrinnet i Dale i Sunnfjord.

Claus Lundekvam

RØYND: Claus Lundekvam har 40 landskampar for Noreg, no vil han bidra som gymlærar på ein kristen skule i Sunnfjord.

Foto: \--530401383--\, Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg har fotballkompetanse frå toppnivå, og har gode føresetnadar for å lære vekk fotball og annan idrett, seier Lundekvam.

Skulen han skal jobbe på har endå ikkje kome i drift, men heiter Fjaler kristne skule og tek til med elevar på åttande- og niandetrinn no i august.

I første omgang er det tale om både gymtimar og valfagstimar på åttande og niandetrinn, men Lundekvam ønskjer også etter kvart å bidra i idretten utanfor skuletid.

– Eg har mykje levd liv med meg, både på godt og vondt. Eg har tatt nokre dårlege val i livet, og har måtte leve med det. Det kan eg bruke i møte med ungdom, og eg har allereie mykje erfaring med å prate om rusførebuing og den type ting.

Les også: Lundekvam ble pumpet full av piller

Avhengig av alkohol og kokain

Lundekvam er ein person det har storma rundt i år. Mellom anna fekk han i januar i år 10 000 kroner i bot for netthets mot ei kvinne, og han fekk også sparken som trenar for fjerdedivisjonsklubben Bønes IL tidlegare i år, etter det styret karakteriserte som ei personalsak. Han har også fått ein bot for vald mot ei kvinne.

Claus Lundekvam

STORDOMSTID: Lundekvam spelte 375 kampar for Southampton, og er den utlendingen etter Dennis Bergkamp med flest Premier League-kampar, men han hadde også ei solid landslagskarriere.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Han har også vore open om sin avhengigheit til kokain og alkohol, og korleis det prega livet etter at han avslutta proffkarrieren si i England. Han har sjølv uttalt at han på det meste drakk halvannan liter med sprit og tok seks gram med kokain om dagen.

– Fortid er fortid

Iniativtakar bak skulen der han skal jobbe tek likevel ikkje fortida til Lundekvam så tungt.

– Eg tenkjer at fortid det er fortid, og det legg vi oss ikkje så mykje opp i. Vi er strålande fornøgd med å ha fått ein tidlegare fotballproff til å bidra i gymtimane, det vil vere eit veldig godt bidrag, seier Magnar Hellesøy.

Les også: Difor vil han ha kristenskule i Fjaler

Magnar Hellesøy

VIL TREKKJE TIL SEG MANGE: Magnar Hellesøy håpar at folk ifrå heile Sunnfjord vil søkje seg til den kristne ungdomsskulen han skal starte i Dale om eit par veker.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han har teke initiativ til å starte den kristne skulen i Dale, og skal etter planen byrje med åttande- og niandetrinn no til hausten.

Vil fortelje at kristendomen er sann

– Ein underviser jo i kristendomen og den kristne kulturarven i den offentlege skulen også, men poenget med ein kristen skule er at då kan eg som lærar i tillegg seie at dette er faktisk sant, seier Hellesøy.

Lundekvam gler seg til å kome i gong, men har ingen planar om å flytte til Sunnfjord med det første.

– Det er klart at eg kjem til å vere mykje der framover i samband med denne skulen, med eg har ingen planar om å flytte fast, nei.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.