Hopp til innhold

Difor vil han ha kristenskule i Fjaler

– Eg tykkjer det er fint at skulebarn har den kristne trua i ryggrada når dei skal lære, seier lærar Magnar Hellesøy.

Magnar Hellesøy

STÅR BAK KRISTEN-SKULE: Magnar Hellesøy, lærar og tidlegare toppkandidat for partiet De Kristne, meiner Sogn og Fjordane heilt klart treng ein kristen-skule.

Foto: Kita Eilertsen / Altaposten

Læraren, som er tidlegare toppkandidat for partiet De Kristne, er mannen som står bak satsinga Fjaler kristne skule.

Han meiner Sogn og Fjordane heilt klart treng ein kristen-skule.

– Det finst ingen slike skular på grunnskulenivå. Eg trur det er bra at barna kan modnast og utvikle seg med den kristne trua som fundament, seier Hellesøy.

Blir på Dale

Skulen har fått godkjenning frå Utdanningsdirektoratet for ein kristen skule med inntil 90 elevar frå 1. til 10. klasse.

Førebels blir det starta opp undervisning på 8. og 9. trinn, og skulen blir i klasserom på Dale vidaregåande skule i Fjaler.

Sjølv om kristendomsundervisning er hovudårsaka til at Hellesøy ønskjer å starte friskulen, er også frykta for skulenedlegging ei viktig årsak.

– Det er eigentleg mykje av bakgrunnen for at eg ønskjer dette. Ein skule i bygda Flekke der eg bur, er noko eg vil ha. Men det er sjølvsagt kjekt å ta vare på den kristne kulturarven i Norge.

– Berre positivt

Rektor ved Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal, bekreftar at skulen vil halde til på Dale.

– Vi leiger ut klasserom til Fjaler kristne skule i eitt år. Fylkeskommunen har ikkje hatt nokre prinsipielle innvendingar, så vi behandlar dei på same måte som alle andre som søkjer, seier Fivelsdal.

Ifølgje Hellesøy har han berre fått positive reaksjonar etter at den nye satsinga blei kjend.

– Det tykkjer eg er veldig kjekt og eg får ekstra inspirasjon til å jobbe vidare med dette her.