Hopp til innhold

Grunnlova hindrar ny valordning i dei nye storfylka i Norge

Sjølv om ei rekkje fylke i Norge kan bli slått saman frå 2020 vil det høgst sannsynleg bli halde stortingsval etter dei gamle grensene heilt fram til 2025.

Plasserer stemmeseddel i valgurne

NYE GRENSER: Ei rekkje fylke i Norge kan forsvinne med regionreforma, men Grunnlova set ein stoppar for endring i valgrensene alt frå 2021.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Till dømes skal Sogn og Fjordane og Hordaland bli eitt storfylke, men får velja sine eigne stortingspolitikarar kvar for seg. Ein paragraf i Grunnlova set ein stoppar for felles stortingsbenk for dei nye fylka.

Det er nemleg nedfelt i Grunnlova at Norge skal ha 19 valdistrikt. Skal Grunnlova endrast må det handsamast i to ulike storting.

Usikkert utval

– Sjølv om det for så vidt er lagt inn nokre grunnlovsendringsforslag som, viss dei vert vedteke, kan endra valdistrikta til 2021. Men samstundes har regjeringa oppretta eit nytt utval som skal sjå på nettopp desse spørsmåla. Og det vil ta litt tid, seier professor og valekspert Bernt Aardal.

Aardal sit sjølv i dette utvalet saman med 16 andre (sjå faktaboks). Dei skal føreslå ei ny vallov, og dei skal vere ferdige i 2019.

Dermed kan det tidlegast bli felles stortingsval i 2025.

– Men vi veit framleis ikkje kva som blir resultatet. Det er slett ikkje sikkert at valdistrikta vil følgje dei nye regionane. Kanskje held vi på dei gamle valdistrikta. Det veit vi ikkje no.

– Det store spørsmålet vil vere representasjonen frå dei minst folkerike delane. Altså Sogn og Fjordane sin representasjon samanlikna med Hordaland. Det er ei reell bekymring som vi må ta med oss, seier Aardal.

Bernt Aardal

FLEIRE VAL: Bernt Aardal er valforskar og sit i utvalet som skal føreslå ny vallov. Han seier det er heilt usikkert korleis den blir.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Engasjement

Også i Kommunaldepartementet er dei kjende med uroa om kva som skal skje med valdistrikta. Det sa kommunalminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding då han varsla eit nytt vallovutval i mars.

– Vi ser allereie at forslag om samanslåing av fylke skaper engasjement, og at det kjem opp spørsmål om kva som skal vere valdistrikta i framtida. Dette er viktige spørsmål, og det er mange viktige omsyn i dette arbeidet.

Liv Signe Navarsete (Sp) håpar uansett at hennar heimfylke framleis får vere eige valdistrikt.

– Det vil bety at Sogn og Fjordane framleis kan ha debattar og kandidatar og fokus på Sogn og Fjordane-saker. Det er enklare enn om vi blir eit samla valdistrikt med Hordaland.