Hopp til innhold

Grunneigarar får 125 millionar

2,5 millionar kroner årleg i 50 år. Det er prisen selskapet Nordic Mining vil betale tre grunneigarar som må avstå grunn til det omstridde gruveprosjektet i Vevring.

Magne Engebø

SKREIV UNDER: Som ein av to grunneigarar har Magne Engebø inngått avtale med gruveselskapet Nordic Mining. - Eg følte meg pressa, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Det betyr at dei tre grunneigarane får 125 millionar på deling i løpet av den 50 år lange driftsperioden til gruva. I tillegg får dei ein eingongssum for utløysing av eigedomane.

Men hadde grunneigarane fått avgjere, hadde dei sagt nei til pengane.

– Pengane betyr ingenting, seier grunneigar Magne Engebø.

Tre gardstun blir jamna med jorda

Grunneigaren viser oss rundt i den vesle grenda Engebø ved Vevring i Naustdal. Gardshuset frå 1950-talet er nymåla og eigedomen er velstelt. På andre sida av vegen ligg to andre gardsbruk.

Går det slik gruveselskapet Nordic Mining og Naustdal og Askvoll kommune ønskjer, blir alle hus rivne og grenda blir jamna med jorda. I førre veke sa kommunestyra i Naustdal og Askvoll etter tur ja til gruveplanane. Engebø fortvilar...

–Alle hus her på Engebø blir rivne. Det blir prosessområde. Sjølve dagbrotet vil komme på toppen av fjellet ganske nær Vevringtunnelen, seier grunneigaren og peikar opp mot fjellet skrått bak huset.

Følte seg pressa

Engebø seier saka lenge har vore ei stor belastning.

– Prosessen har pågått over så lang tid at du har problem med å kunne planlegge noko som helst.

Grunneigaren har inngått ein avtale med Nordic Mining, men fortel at han langt på veg følte seg tvinga til å skrive under.

– Eg har vel eigentleg ikkje gjort det frivillig, eg følte meg vel pressa. Viss vi ikkje inngår frivillig avtale, blir det oreigning. Då blir prisen mykje lågare.

– Men du får også store summar når husa blir løyste ut. Det er snakk om årlege inntekter på 2,5 million kroner fordelt på dykk tre grunneigarane. Er ikkje det god nok kompensasjon?

– Uansett kor mykje pengar ein får, så er eg oppvaksen her. Eg har hatt planar om å halde fram med å bu her så lenge eg eksisterer.

Steinbrotet i Engebøfjellet

PLANANE: Slik ser Nordic Mining føre seg gruvedrifta i Engebøfjellet. Ope dagbrot øvst på fjellet dei første driftsåra, og landdeponi og prosessanlegg på Engebø ved fjorden, og sjødeponi ute i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Verdiar for 30 milliardar

Det er det ettertrakta mineralet rutil, brukt til kvitningsstoff i mellom anna tannkrem, mat og måling, det er så mykje av i Vevring. Førekomstane er stå store og av så god kvalitet at Nordic Mining har rekna ut at dei vil tene store pengar på å utvinne mineralet. Verdiar for 30 milliardar kroner ligg gøymt i Engebøfjellet.

Sjølv om grunneigarane vil få store summar i erstatning, forstår administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, at dei er fortvilte.

Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum

FORSTÅR REAKSJONANE: Administrerande direktør Ivar S. Fossum (midten) i Nordic Mining.

Foto: Rune Fossum, NRK

– Vi har stor forståing for at dette kan opplevast som ein vanskeleg situasjon for grunneigarane, og har sikkert vore det i lang tid. Det har jo vore kjent ei god stund at før eller seinare så vil denne førekomsten bli bygd ut.

– Det går ikkje an å byggje ut dette i mindre skala, slik at ein slepp å øydeleggje grunneigarane sine eigedomar?

– Nei, det trur vi er lite realistisk. Hadde det vore høve til det, så hadde vi nok gjort det.

– Betyr mykje for Naustdal

Nordic Mining reknar med at investeringskostnadene vil kome opp i ein og ein halv milliard kroner og planen er å drive gruva i 50 år. Det forventa malmuttaket i driftsperioden er sett til 250 millionar tonn og det vil bli dumpa enorme mengder restmasse i Førdefjorden.

Den årlege omsetnaden er stipulert til 500 millionar kroner og gruveselskapet lovar 170 varige arbeidsplassar. Gruvedrifta vil bli ei velsigning for bygda Vevring og for Naustdal kommune, seier Ap-ordførar Håkon Myrvang.

Håkon Myrvang

SET SI LIT TIL GRUVA: Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette betyr veldig mykje, for her ligg det i botn 170 direkte arbeidsplassar i tillegg til eit par hundre indirekte arbeidsplassar. Så det er veldig viktig for oss å få til denne saka, seier ordføraren.

Éin grunneigar nektar

Ein av dei andre grunneigarane, Reidar Engebø, har så langt nekta å inngå avtale med Nordic Mining.

– Eg er ikkje villig til å ofre miljøet på ein slik måte. Men eg må jo ha ein plass å bu. Det vil koste minst like mykje som det eg får for å løyse inn eigedomen, seier han.

Nabo Magne Engebø har altså noko motvillig inngått avtale. men seier pengane ikkje betyr noko som helst.

– Ein får ikkje kjøpt alt for pengar, fastslår grunneigaren.