Hopp til innhold

Difor skaper gruvesaka i Naustdal så høg temperatur

Det er venta høg temperatur og markeringar under kommunestyret i Naustdal si handsaming av gruvesaka.

Video Kommunestyremøte om Vevring-utbygginga

Kommunestyremøte om Vevring-utbygginga

– Det er steile frontar. Eg trur Arbeidarpartiet og Høgre vil trumfe denne saka gjennom, seier gruppeleiar Viggo Leikanger i Senterpartiet til NRK.no.

NRK følgjer politikarane si endelege handsaming av saka direkte frå klokka 17.00. Sjå vindauget øvst i artikkelen.

LES OGSÅ: Politikarane i Naustdal trur gruvesaka er avgjort

Ventar høg temperatur på møtet

– Kommunen har leigd inn kulturhuset Fosshalla til møtet, og dette blir nok eit større drama enn noko av det som har vore spelt på scena der før, seier Ivar Longvastøl.

Han er journalist i avisa Firda, og har følgt saka tett dei siste åra. Han ventar høg temperatur på dagens avgjerande møte.

Mykje tyder på at politikarane allereie har bestemt seg, og at det blir eit knappast mogleg fleirtal for planane om gruvedrift i Engebøfjellet.

Må dumpe hundrevis av tonn i fjorden

Det er selskapet Nordic Mining som vil starte gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune. For å kunne utvinne det verdifulle mineralet rutil, må selskapet dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover.

LES OGSÅ:

Hovudargumenta for og imot

Det er i utgangspunktet et knapt fleirtal for gruvedrifta, og det er dei store partia med Arbeidarpartiet og Høgre sitt fleirtal i spissen som kan avgjere i kveld.

Spenninga ligg kanskje først og fremst på om politikarane meiner dei har hatt for dårleg tid på avgjerda. Då kan saka bli utsett.

– For å få ut rutilen, så blir det etablert eit fire kilometer stort fjorddeponi i fjorden. Det er enormt stort, og betyr at det skal gå eitt lastebillass i fjorden annakvart minutt - 24 timar i døgnet, 365 dagar i året - i 50 år framover, forklarer Ivar Longvastøl.