Hopp til innhold

Gründerar i storbyfylka gjer det best

Sogn og Fjordane er blant fylka som kjem dårlegast ut i ei undersøking om kva gründerar som oppnår suksess.

Gründerprisen til Highsoft Solutions, Grethe Hjetland, juryformann Arvid Andenæs og Torstein Hønsi.

OPTIMISTISK: Arvid Andenæs (i midten) i juryen til Gründerprisen er optimist med tanke på gründerar i Sogn og Fjordane, trass i rapporten frå DNB. Her tek Grethe Hjetland og Torstein Hønsi frå Highsoft Solutions i Vik imot prisen for 2012 på Temposeminaret i Florø.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Gründerane som held til i fylka rundt storbyane Bergen, Oslo, Kristiansand og Stavanger gjer det best. Suksessraten er over landsgjennomsnittet i desse fylka, står det i ein rapport laga av Menon Business Economics på vegner av DNB.

Berre 15 prosent av gründerane som starta i Sogn og Fjordane i 2003 hadde suksess fem år etter. Det er dårleg i forhold til landsgjennomsnittet. Berre Troms og Finnmark har lågare suksessrate. I Rogaland, Oslo og Buskerud var denne prosentdelen på høvesvis 30, 29 og 27.

– Er optimist

Dei tre siste åra har administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, sete i juryen for Gründerprisen i fylket. Han har sett mange gode søkjarar og finalistar.

– Mange av finalistane har blitt gode og lønsame verksemder med både gode økonomiske resultat og mange tilsette i åra etterpå. Eg er optimist med tanke på å skapa nye bedrifter her i fylket i tida framover.

Kompetanse flyttar seg til byar

Årdølen Morten Strid er ein av gründerane som står bak suksess-appen DeeMe. Han bur no i Bergen.

DeeMe

BUR I BY: Årdølen og gründeren Morten Strid bur i Bergen. Han har sett at kompetanse har blitt samla i byar.

Foto: Ola Raanes

– Eg trur at mykje av grunnen til at gründerar i storbyar gjer det betre er folka ein er omgitt av. Det er meir kompetanse som flyttar til byane og samlast. Det gjer at du får ein slags synergieffekt av å omgi deg med folk som rett og slett er flinke, forklarer han.

– Det er ein grunn til at dei aller største har røtene sine i Silicon Valley. Det er fordi det er så mykje kompetanse samla der.

Kan skyldast lite vekst i fylket generelt

Knut Vareide ved Telemarksforsking har drive med forsking om regional utvikling og innovasjon for ei rekkje fylke og kommunar. Han seier at det kan vera fleire årsaker til at Sogn og Fjordane kjem dårleg ut av rapporten til DNB.

– Ei av årsakene kan vera at fylket har hatt liten eller ingen folkevekst. Det kan føra til at det er vanskeleg for gründerar å etablera seg i Sogn og Fjordane enn til dømes i Oslo.