Hopp til innhold

Statsministeren imponert over IT-verksemda frå Sogn – Kjempemoro, seier gründeren

Statsminister Erna Solberg (H) trekte fram ei verksemd frå Vik som har gjort inntrykk på ho då ho denne veka summerte opp dei første åtte månadane i den nye jobben.

Erna Solberg og Torstein Hønsi

IMPONERT: Statsminister Erna Solberg for Høgre er imponert over verksemda som held til i Vik.

Foto: NRK

Det var i eit intervju med DN at statsminister Erna Solberg (H) snakka varmt om Higsoft AS som held til i Vik i Sogn.

– Dette er ei fantastisk lita verksemd i Sogn- og Fjordane som har patent på eit IT-utstyr, seier ho til avisa.

Verksemda vart starta av gründer Torstein Hønsi i 2009 og sel datavisualiseringsverktøy til nettsider. I fjor omsette dei for 30,9 millionar kroner og har i dag 10 faste tilsette.

– Dette er ei lita verksemd som starta med ein mann og ein god idé. Slike verksemder er akkurat det Norge trenger, seier statsministeren.

Kjekt å bli lagt merke til

I dag har den 10 faste tilsette og ein omsetning som i 2013 var på 30,9 millionar kroner. Verksemda tykkjer det er stas å bli lagt merke til av statsministeren.

– Dette var kjempemoro å høyre, seier gründer Torstein Hønsi til NRK.no.

– Spesielt artig var det å bli drege fram på denne måten i ei sak som eigentleg handlar om noko anna, seier han.

For ein månad sidan var statsministeren i fylket der ho blant anna møtte Grethe Hjetland som er dagleg leiar i verksemda.

– Den gong hadde ho ikkje tid til å ta turen til Vik, men ho er hjarteleg velkommen til ein kaffikopp på kontoret her om ho kjem att, ler Hønsi.

Uavhengig verksemd

Hønsi trur at grunnen til at Solberg trekker fram Highsoft AS er at dei er ei type verksemd som har eit potensial til vekst.

– Ei uavhengig verksemd som er utanfor den tradisjonelle oljeøkonomien. Dei vil satse på kunnskapsindustri og der passar vel Highsoft AS inn, seier Hønsi.

Solberg gjorde det klart på pressekonferansen at Norge må ha fleire bein å stå på enn oljen.