Ein skulle kanskje tru at surt sommarvêr og campingliv høyrer dårleg i hop. Men fleire av campingplassane rundt om i fylket rapporterer om gode besøkstal.
I Sogn er optimismen ekstra stor.
– I forhold til i fjor har vi hatt ein auke i gjestedøgn på 25 prosent i mai, på 17 prosent i juni og i juli har det vore stappfullt. Så vi har hatt ein strålande sesong så langt, seier Terje Stalheim ved Kjørnes camping i Sogndal.
- Les også:
- Les også:
Tidenes sesong i Lærdal
Han trur det er fleire årsaker til det gode besøket. Det strålande vêret i fjor sommar var god reklame, den gunstige kronekursen har gjort det billigare å feriere i landet og økonomien i Europa er på veg til å stabilisere seg etter tunge tider.
– I tillegg har god marknadsføring frå Visit Sognefjord og Fjord Norge lokka mange turistar til regionen, seier Stalheim.
Også Even Aarethun ved Lærdal fritidspark melder om masse gjester.
– Sesongen har vore strålande, ikkje vêret, men når det gjeld talet gjester. Vi hatt tidenes beste år og sommarsesong, seier han.
Mindre liv, men godt besøk
Tore Karlsen er vaktmeister og medeigar ved Jølstraholmen Camping & Hytter i Jølster. Han seier dei har merka ein nedgang i telt- og bubilbesøket, men at dei mange hyttegjestane meir enn har kompensert for tapet.
– Vêret tatt i betraktning har det vore veldig bra. Men folk sit inne i hyttene sine og det blir ikkje det livet som vi ønskjer det skal vere her, seier Karlsen.
På Byrkjelo camping er eit utandørs badeanlegg eitt av trekkplastera. Då passar det dårleg med labert sommarvêr, men eigar Anders Bjørkelo seier sommarsesongen likevel har vore på jamne.
– Det har vore litt mindre enn i fjor. Men i fjor var ein veldig god sesong, seier han.
Færre besøkande på kysten
Langs kysten har dei fått merke fråværet av sol og sommar i noko større grad. Ved Almenning camping i Vågsøy er berre eit par av hyttene opptekne og på plassen står der eit einsleg telt.
– Det har vore dårleg i år, veldig lite gjester. Men når godvêret kjem får vi håpe det kjem litt meir, seier Solbjørg Lid.
Også Steinvik camping i same kommune har hatt ein laber sesongstart på grunn av det dårlege vêret.
– Det gjev utslag spesielt på bubil- og campingvognturistane. Men alt i alt har vi hatt ein middels sesong, seier Oddbjørn Nygård.