Hopp til innhold

Gode besøkstal for det nye trekkplasteret i Nordfjord

LOEN (NRK): Besøkstala til den nye turistattraksjonen i Loen har gått over alle forventing. Og iniativtakaren trur det kan bli endå betre.

Utsikt frå skylift loen

MYKJE FOLK: det var mykje folk då dronninga opna Loen skylift for ein knapp månad sidan. Sidan den gong har over 20 000 vitja den nye turistattraksjonen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi har hatt 20 000 påstigingar på dei første 24 dagane. Det tykkjer vi er både spennande og gledeleg, seier Richard Grov, som er dagleg leiar i Loen Skylift.

Den nye gondolbana tek turistar og andre skodelystne med opp på toppen av fjellet Hoven 1011 meter over havet, på berre nokre få minutt.

Les også: No er Loen Skylift opna

Den nye attraksjonen vart opna av dronning Sonja 20 mai. Grov hadde håpa at folk skulle ta turen, men er likevel positivt overraska over tala.

– Eg hadde kanskje drøymt om slike tal, men ikkje trudd på det. Heilt ærleg må eg likevel seie at vi ikkje hatt tid til å tenkje så mykje på det.

Barn i Loen

STORSLÅTT OPNING: Sjølvaste Dronninga var med då skyliften i Loen vart opna i mai.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Folk frå heile verda

Lokalt næringsliv, kommunen og andre aktørar har nytta store summar på prosjektet. For Grov er det kjekt å sjå at det tek så kort tid før folk kjem sigande for å sjå på.

– Det er rørande å sjå at alle slags gjester kjem og besøkjer oss. Folk som ikkje har moglegheit til å gå i fjellet, men som kjem seg opp her og får den naturopplevinga her oppe. Det er veldig gjevande for alle oss som har stått bak det her, seier han.

– Kva slags folk er det som kjem?

– Det er alle slags nasjonalitetar som kjem. Det er folk frå Asia, Europa og Amerika. Vi høyrer alle språk her oppe.

Nordfjord har allereie mange reisemål å tilby turistane som kjem om sommaren, men Grov trur gondolbana er sopass særeigen at den vil vere på toppen av lista til dei fleste som kjem.

– Når du ser ansiktsuttrykka til folk og høyrer kommentarane som kjem på toppen, er det tydeleg at dette er noko som gir inntrykk, seier Grov.

Hoven Loen

SPEKTAKULÆRT: Frå toppen av Hoven har ein god utsikt over fjord og fjell i Nordfjord.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Uventa gjester

Det var uventa at dei skulle nå 20 000 besøkande allereie før månaden var omme, men endå meir overraskande er ei gruppe av tilreisande dei har sett ein del av i det siste.

– Det er folk som fyk i fallskjerm, og hoppar i drakt. Der er vi nesten tatt litt på senga. At det er så mange av dei som vil ha dei opplevingane har oppe i himmelrommet, det hadde vi faktisk ikkje tenkt så mykje på.