Frå opninga fredag til søndag, vitja 1 616 personar Nikolai Astrup-utstillinga ved Dulwich Picture Gallery.
Det er over snittet for kva kunstgalleriet er vande med.
- Les også: Villmark-regissør vil lage Astrup-film
– Det er ein veldig gode tal på så få dagar. Vanlegvis opnar vi onsdagen og ser slike besøkstal på søndagen. Samstundes er det i slutten av andre veka vi byrjar å få ein peikepinn på kor godt motteken utstillinga er, seier museumsdirektør Ian Dejardin.
Godt tidspunkt
Kunstekspert Morten Zondag har ikkje sjølv sett utstillinga, men er gledeleg overraska over interessa for Astrup. Britisk presse gir den gode kritikkar, og nemner den som ei av ti opplevingar verdt å få med seg i London i år.
Zondag har lang erfaring innan norsk og internasjonal kunst, og meiner tidspunktet for utstillinga er god.
– Engelskmenn har stor interesse for landskap, og dyrkar det særeigne og eksotiske, det naturlege. Det er i tida. Der passar Astrup veldig godt inn, seier han.
Framleis norsk kunstnar
Zondag trur likevel ikkje at prisnivået på verka til Astrup vil gå i taket eller at utanlandske samlarar vil kjøpe seg opp.
– Få gode måleri og interessante tresnitt er tilgjengelege, noko som er avgjerande for om ein marknad skal fungere. Det kan gå fleire år mellom kvar gong eit verkeleg interessant måleri av Astrup kjem for sal, seier han og legg til:
– Eg trur den sterkaste marknaden framleis vil vere i Norge, og at Astrup er eit norsk fenomen.
– Vil ta tid
Hans Richard Elgheim hos Grev Wedels plass Auksjoner i Oslo er delvis samd.
– Få oljemåleri er tilgjengelege, men grafikken er jamt og trutt framme. Erfaringa viser at prisane ikkje går opp med det same, seier han.
– Faktum er at kunsten blir eksponert for eit nytt og internasjonalt publikum og det aukar interessa. Uttrykket er ikkje slik at ein må vere nordmann og glad i norsk kunst for å like det, held Elgheim fram.
Astrup til sals
Auksjonshuset har førebels to Astrup-verk som skal under hammaren under sommarauksjonen i juni:
- Fargesnittet «Vårnatt og seljekall», vurdert til 400 000–600 000 kroner
- Måleriet «Juninatt, Prestegårdshagen», vurdert til 500 000–700 000 kroner
Sistnemnde vart forsøkt selt i fjor haust til ei høgare vurdering. Då omsette auksjonshuset Astrup-verk for 3,1 millionar kroner på eitt kvarter.
– Det kan tenkjast at kjøparar i fjor spekulerte i at prisane vil stige, seier han.
Zondag trur kommunen og museet på Jølster kan rekne med auka besøk som følgje av utstillinga.
– Når ein utlending kjem til Norge, så vil dei nok i større grad oppsøke Astruptunet i Jølster, og vere meir bevisste på å besøke utstillinga på KODE i Bergen, seier han.