Hopp til innhold

No han gje vekk 50.000 kroner

Treng fotballaget ditt 50.000 kroner? No vil Sogndal fotball gje vekk den summen til ein av breiddeklubbane her i fylket.

Håvard Flo

GODT NØGD: Håvard Flo er sportsleg koordinator i Sogndal fotball. No sit han i juryen som skal gje vekk 50.000 kroner til ein breiddeklubb.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Saman med Canal Digital, som er ein av hovudsponsorane i eliteserien, skal Sogndal fotball og 10 andre klubbar gje vekk ein pen pengesum til breiddefotballen.

– Det er jo eit fantastisk prosjekt der ein sterk aktør som er involvert i eliteserien går ut og set av midlar til breiddefotballen rundt om i landet. Sogndal fotball har fått æra i å koordinere dette her i fylket som vil moglegheit for breiddeklubbane til å søkje om midlar til sitt lag og organisasjon, fortel Håvard Flo.

Alt kan søkjast om

Han og Rune «Bolli» Bolseth utgjer juryen som har fått oppgåva med å vurdere søknadane som kjem inn, og han vonar mange av breiddeklubbane her i fylket hiv eg på i kampen om dei 50.000 kronene.

– Om det er treningsklede, opprusting av ein garderobe eller noko anna dei treng pengar til, så skal vi vurdere det. Alt kjem heilt an på søknadane som kjem inn. Alle breiddeklubbane i fylket kan søkje, vere på og sende ein søknad om å få pengar til dei behova dei måtte ha i klubben, seier Flo.

– Breiddefotballen er viktig

– Kor viktig er breiddefotballen i Sogn og Fjordane?

– Den er ein viktig aktør for at ein skal få fram unge talent og gje dei moglegheita til å vere i eit miljø der dei har ein god kvardag. Det er klart at jo større breidda er, jo betre er det.

Vinnaren av breiddefotball-pengane vil bli offentleggjort i pausen i heimekampen mot Vålerenga søndag 20. oktober.

– Det er jo veldig kjekt å få vere ein del av dette, men det blir nok tøft å fatte ei avgjerd om kven som skal få midlane. Vi vonar jo at mange klubbar heng seg på og søkjer. Det er jo supert å få gje pengar attende til breiddefotballen, sler Flo fast.