Hopp til innhold

Gjermundstad er tilbake i toppfotballen

FLORØ (NRK): Vegar Gjermundstad har rykt opp til Tippeligaen og har eit hav av kampar i Eliteserien og 1. divisjon. Opprykket med Florø smakar likevel særskilt godt.

Vegar Gjermundstad

SOLID: Vegar Gjermundstad har vore ein bauta i Florø-forsvaret denne sesongen. Neste år spelar han igjen toppfotball. – Du kjenner at det er ein viktig kamp, det er mykje som står på spel og kampen vart ikkje like fin som vi ville. Men det bryr eg meg ikkje om. Vi vann, seier han.

Foto: TRULS KLEIVEN

Den høgreiste midtstopparen var del av Sogndal-laget som i 2010 tok steget frå 1. divisjon til Eliteserien.

Mot Nest-Sotra var Vegar Gjermundstad nok ein gang ei klippe i midtforsvaret då Florø tok steget opp frå 2. divisjon.

– Dette overgår opprykket med Sogndal. Absolutt, seier han på veg mot garderoben.

– Smaker utruleg godt

26-åringen har eliteserie- og 1. divisjonserfaring med Lyn, Sogndal og Hønefoss. Etter tre sesongar med 2. divisjonsspel med Førde, skifta han før sesongen sunnfjordklubb.

– Då vi rykte opp i eliteserien med Sogndal kom eg om sommaren og fekk ikkje så mykje speletid. Her har eg vore med frå starten av og fått spele mykje, så eg kjenner meg meir delaktig, seier han og legg til.

– Men vi har lagt ned ein ufatteleg jobb. Difor smakar dette utruleg godt.

Terje Rognsø
Foto: Truls Kleiven

Trappa ned med Førde

Gjermundstad spelte i eliteserien i 2012. Då heitte arbeidsgjevaren Hønefoss.

Tidlegare Førde-trenar Knut Erik Folland lokka midtstopparen til Førde, i 2013. Då enda Førde på 3.-plass. Til neste år spelar som kjent Førde i 3. divisjon. To divisjonar under Gjermundstad og Florø.

– Eg trappa ned med Førde, og då var ikkje fotballen førsteprioritet. Det var jobb og utdanning som var viktig, men no er eg snart ferdig med utdanninga. Å krone det med opprykket er så digg at eg finn ikkje ord, gliser han.

Vel verdt pendlinga

Oppgjeret mot Nest-Sotra vart tett og spennande, men scoringane til Christer Husa og Endre Kupen gav haustlaurdagen ein perfekt slutt for nær 2.700 heimepublikumarar.

Nær 60 kilometer pendling kvar dag har lønna seg.

– Det har vore eit ufatteleg år med denne gjengen. Alt har stemt. Det har vore vel verdt å pendle kvar dag mellom Førde og Florø, gliser han.

– Du sa du trappa ned med Førde, men trappar du no opp att?

– Eg måtte det for å kunne kombinere fotballen med utdanning. No skal eg definitivt vere med opp. Men først er det å roe seg ned, samle seg og nyte dette.