Hopp til innhold

Ei engasjerande ferd gjennom butikkhyllene, og forbi!

I ei verd av billegvarehandel, "tre for to"-tilbod og fredagsbiffar til femten kroner, kan det vere vanskeleg å skjønne kva som eigentleg er eit godt tilbod. Da er Siri Helle si bok "Handle rett" ein svært god rettleiar – om ein orkar å bry seg.

Siri Helle er agronom og matskribent

OPPLYSANDE, REFLEKTERT OG HUMORISTISK: Siri Helle har skrive boka 'Handle rett', som denne meldaren meiner er ein fantastisk rettleiar i korleis velje rett matvare i butikken.

Foto: Marit Brennset / Samlaget

For meir enn hundre år sidan skal den tyske fyrsten Otto von Bismarck ha sagt at den som veit korleis lover og pølser vert laga, aldri meir får ei god natts søvn.

Sjølv om sitatet er meir enn hundre år gammalt, har det ikkje mista sin kraft, eller sin relevans. For kva er det eigentleg i dei "kjøttrike" pølsene vi et til middag?

Svaret dukkar opp i "Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks". Matskribent Siri Helle er utdanna agronom, og har dei siste åra skrive spalta "Frå matfatet" i vekeavisa Dag og Tid, noko som kvar veke har vore eit høgdepunkt i avisa for min del.

Boka er ei vidareføring av denne spalta, ein langversjon kor Helle får gå enda djupare inn i materien enn kva spalta i Dag og Tid har rom til. Eg kan derfor med ein gong seie:

Eg har lenge sett fram til å lese boka, og eg vart på ingen måte skuffa.

Eit bilete av boka "Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks"

HANDLE RETT: Kva er god mat for meg, for bonden og for miljøet? Det spør Siri Helle om i 'Handle rett'.

Foto: Omslagsfoto / Samlaget

Aha-opplevingar i kø

Kva er eigentleg mat? Jo visst er det noko vi et, men det er produkt som skal dyrkast, foredlast, kjøpast og fordøyast – det er livsstil, livsverk, politikk og økonomi.

Denne samansette forklaringa på kva mat er følgjer Siri Helle opp i "Handle rett" ved å dele boka opp i fire deler kor heilt vanlege daglegvarer som brød, ost, tomatar og sjølvsagt pølser vert undersøka grundig og nøye.

Målsetjinga er å få lesaren til å bli ein bevisst forbrukar, både når det gjeld berekraft, dyrevelferd og helse.

Den som ikkje får seg nokre aha-opplevingar av å lese denne boka, må leve på ein diett av luft og kjærleik. For her står oppdagingane i kø.

Spesielt kapittelet om innhaldet i den populære kvardagsmaten fiskekaker burde få det til å gå litt kaldt ned ryggen på kvar og ein.

Helle stiller spørsmålet: Kva er bra mat, både for verda og meg? Det er sjølvsagt eit stort spørsmål, og det er også eit ubehageleg spørsmål.

For viss det er ein ting dei fleste av oss har til felles, så er det det at vi vil gjere ting enklast mogeleg, med minst mogeleg motstand. Og når det gjeld mat, skal det gjerne vere både enkelt og billeg.

Derfor er vi velsigna med billeg mat, tre-for-to-tilbod, First Price og lågpriskjeder som konkurrerer mot kvarandre om å ha den rimelegaste maten for å lokke til seg kundane.

Det er her Siri Helle kjem inn: Ho meiner nemleg at det ikkje er særleg velsigna at mat er billeg og enkel og full av snarvegar. For det som er billeg for oss, har sannsynlegvis ein høg pris for andre.

Ei velskrive og engasjerande bok

Ved hjelp av mange gode eksempel, får ho i alle fall meg til verkeleg å innsjå korfor økologisk og kortreist mat er sunt, både for meg, for dyra og for bonden. Det kostar kanskje litt ekstra, men som Helle understrekar:

Vi har råd til å betale for god, sunn og rettferdig mat.

"Handle rett" er ei sakprosabok, og sjølv om det til tider kan bli ei litt fagteknisk materie å kome seg igjennom, er det ei velskrive og engasjerande bok.

Siri Helle klarar å vere opplysande og pedagogisk utan å vere belærande eller moraliserande. Ved hjelp av humor og anekdotar frå eige liv som etande menneske klarar ho å gjere matpolitikk usedvanleg interessant.

"Handle rett" er ein god rettleiar på veg mot ei reflektert og rettferdig ferd gjennom mathyllene.