Hopp til innhold

Gjer alt for å halde fjellovergangane opne

Hovudutval for samferdsle avgjorde i kveld at vinterstenging av Hol-Aurland og Årdal-Tyin er for smertefullt til å gå vidare med utan å undersøke alle moglegheiter.

Hovudutval for samferdsle

TØFFE PRIORITERINGAR: I dag sat hovudutvalet for samferdsle rundt dette bordet på Leikanger. Her blir store kutt i samferdsletilbodet diskutert.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Onsdag kveld handsama utvalet forslaget til kuttliste for samferdslesektoren, ein sektor som skal stå for 130 av dei 224 millionane fylkeskommunen må kutte fram mot 2019. 130 millionar kroner vil mellom anna bety kutt i bussruter og båtruter, og mindre pengar til vegvedlikehald og drift av vegane.

I tillegg er mange fjellovergangar utsette. Fylkeskommunen kan spare 8,7 millionar på å stenge Hol-Aurland og Årdal-Tyin om vinteren. Basert på eit forslag frå Høgre og Olin Johanne Henden vedtok hovudutval for samferdsle i kveld at alle moglegheiter for å unngå vinterstenging av desse fylkeskryssande fjellovergangane må undersøkast:

"Dette er drastiske forslag som vil ha store, negative konsekvensar for næringsliv, kommunar og privatpersonar. Hovudutval for samferdsel ber fylkeskommunen om å gå i dialog med Buskerud og Oppland fylkeskommune, for å sjå om ein kan finne løysingar for å unngå vinterstenging"

– Smertefullt, alvorleg, dramatisk

I forslaget til kuttliste ligg vinterstenging av Hol-Aurland og Tyin-Årdal inne som eit tiltak nivå 3. Nivå 3 vil seie at kutta først blir aktuelle i 2018 og 2019. Dette er også kutta som samferdslepolitikarane vegrar seg mest for å gjere: «smertefullt», «alvorleg» og «dramatisk» var formuleringar brukt under møtet i kveld.

– Så alvorlege at vi eigentleg ikkje ynskjer å ta borti dei, sa utvalsleiar Arnstein Menes under møtet.

Etter møtet utdjupa Menes.

– Viss innsparingskravet står seg fram mot 2019 må vi også gjere kutt på nivå 3, men vi håpar i det lengste å klare oss med nivå 1, og kanskje nivå 2.

Her er kutta for 2016 og 2017

Nivå 1 er kutt samferdslepolitikarane ser for seg å gjere i 2016 og 2017. På dagens møte kom dei fram til 20 punkt på nivå 1, som til saman vil spare inn 25,9 millionar.

Her er nokre utvalde tiltak som skal spare pengar på nivå 1:

  • Samanslåing av skuleskyssruter – lengre reiseveg for nokre elevar.
  • Nokre lokale bussruter blir nedlagde.
  • Færre bussavgangar på regionale ruter og fylkeskryssande ruter.
  • Færre avgangar på lokalbåtane.
  • Buss og båt blir dyrare.
  • Ferje blir dyrare.
  • Skuleskyss mellom Hardbakke og Mjømna/Austrheim for elevar på vidaregåande skular blir kutta.
  • Fure ferjekai blir lagt ned.
  • Mindre båt på Sognebåten
  • Fire vegstrekningar blir vinterstengde tidlegare om hausten enn i dag.
  • Det blir slutt på kolonnekøyring Hol-Aurland.
  • Trygt heim for ein 50-lapp blir til trygt heim for ein hundrings eller tohundrelapp, avhengig av alder.

Alle kutta skal gjerast som enkeltvedtak, og ingen kutt frå prioriteringslista vart gjort i dag. Her kan du sjå heile lista over kutt på nivå 1, 2 og 3.

Kutt på nivå 1 (2016 og 2017)

NIVÅ 1

Utgreiing

Funksjon

Tiltak

Konsekvens

Anslag

38 Bilruter

Skuleruter

Optimalisering av skulerutene i samarbeid med kommunar og vidaregåande skular

Nødvendig med tilpassing for både kommunar, fylkeskommunen og den vidaregåande skulen

1.5

38 Bilruter

Skuleruter

Samordning av skuleskyss med færre vogner i bruk.

Lenger reisetid med omvegar/avstikkarar for ein del elevar.

1

38 Bilruter

Lokalruter, bygderuter

Legge ned/om bygderuter med få reisande

Dei relativt få reisande som blir råka må finne andre alternativ enn bygderuta.

1.5

38 Bilruter

Lokalruter, tilførselsruter

Legge ned/om tilførselsruter med få reisande

Dei relativt få reisande som blir råka må finne andre alternativ enn tilførselsruta

1.5

38 Bilruter

Regionale ruter

Reduksjon i frekvens og færre rutedagar på ruter med lite passasjerar.

Valfridomen for den reisande til å kome seg rundt i fylket vil verte redusert. Reisebehovet for dei fleste vil bli forsøkt ivareteke, men for nokre blir det meir ventetid, fleire overgangar og færre avgangar å velje mellom.

1

38 Bilruter

Fylkeskryssande ruter

Legge ned fylkeskommunale fylkeskryssande avgangar

Lågare frekvens for publikum

1.5

38 Bilruter

Takstauke buss

Årleg ekstraordinær takstauke på 1%


Prisen vil auke med 1% ut over ordinær takstauke kvart
år i 2016(0,7 mill.), 2017 (0.7 mill.) og 2018 (0,7 mill.)

2.1

39 Kollektiv båt

Skuleruter

Ta vekk skuleskyss mellom Hardbakke og Mjømna/Austrheim for vgs elevar frå Solund

Skuleåret 2014/2015 er det svært få elevar som nyttar denne ruta. Dei som nyttar denne ruta må flytte på hybel

2

39 Kollektiv båt

Lokalruter

Redusere rutetilbodet til minimumsnivået definert i fylkestingsak 11/10 på stader med svært få fastbuande. Redusere frekvens/ta vekk rutetilbod slik at det er tilpassa tal innbyggjarar langs ruta og reiseaktivitet.

Innbyggjarar som vert råka får færre alternative reisedagar. Redusert tilbod for turistar og sommargjester.

1

39 Kollektiv båt

Ekspressbåtane

Frå 1. mai 2015 vert det sett inn mindre båt på Sognebåten

Komfortmessig vil dei reisande merke at båten er mindre. Vidare har propellanlegg eit anna støy- og vibrasjonsbilete.

5

39 Kollektiv båt

Takstauke båt

Årleg ekstraordinær takstauke på 1%

Prisen vil auke med 1% ut over ordinær takstauke kvart
år i 2016(0,5 mill.), 2017 (0.5 mill.) og 2018 (0.5 mill.)

1.5

40 Ungdoms-tilbod

Trygt heim for ein 50-lapp

Auke prisen til 100 kroner for dei under 30 år og til 200 kroner for dei som er over 30 åe

Ordninga vert dyrare for dei reisande

0,3

41 Ferje-samband

Midt på dag ruter

Ta vekk 1 rundtur midt på dag på samband med høg frekvens og lite trafikk

Ekstra ventetid.

1

41 Ferje-samband

Legge ned Fure ferjekai

Legge ned Fure ferjekai

Ekstra reisetid for dei som har ferje til/frå Fure som raskaste reiseveg.

2

41 Ferje-samband

Endre takstmatrise ferje

Flytte alle ferjestrekningar opp ei takstsone

Persontaksten aukar med 1 -2 kroner, personbiltakstane med 6 - 7 kroner og prisen på vogntog med 20 - 26 kroner pr takstsone - alle prisar før rabatt.

1

46 vinter-stenging av vegar

Fv. 13 Gaularfjellet

Utvida stengingsperiode på vegar som er vinterstengde. NB Høyangertunnelen

Sparer kostnad med vinterberedskap, brøyting, strøing, mannskap og maskiner. Dårlegare framkomst for trafikantar/ turistar.

0.3

46 vinter-stenging av vegar

Fv. 92 Bjordal - Matre

Utvida stengingsperiode på vegar som er vinterstengde

Sparer kostnad med vinterberedskap, brøyting, strøing, mannskap og maskiner. Dårlegare framkomst for trafikantar/ turistar.

0.5

46 vinter-stenging av vegar

Fv. 243 Aurlandsfjellet

Utvida stengingsperiode på vegar som er vinterstengde

Sparer kostnad med vinterberedskap, brøyting, strøing, mannskap og maskiner. Dårlegare framkomst for trafikantar/ turistar.

0.5

46 vinter-stenging av vegar

Fv. 258 Gamle Strynefjellsveg

Utvida stengingsperiode på vegar som er vinterstengde

Sparer kostnad med vinterberedskap, brøyting, strøing, mannskap og maskiner. Ikkje framkomeleg til Stryn sommarskisenter

0.1

46 vinter- stenging av vegar

Fv. 50 Hol - Aurland

Slutte med kolonnekøyring

Lengre stengingsperiodar

0,6

Sum nivå 1

25.9

Ekspander/minimer faktaboks