Hopp til innhold

Gir ikkje opp den såkalla «Voucher-saka»

Reiselivsnæringa og Hovudorganisasjonen VIRKE har ikkje gitt opp den såkalla «Voucher-saka».

Ekspressbåten Sognekongen på siuste turen til Flåm

SLUTTAR MED VOUCHER: Fjord1 har avvikla ordninga med verdikupongar eller såkalla «voucher-betaling».

Foto: Aurland og Lærdal Reiselivslag

– Vi har opplevd bussar som har blitt ståande fast på ferjekaien, og måtte ha kronerulling blant passasjerane for å komme over med ferja. Så det er krise for mange av våre operatørar, seier Robert Hval Straumann som er fagsjef innan reiseliv i VIRKE.

Tidlegare har turistbussane kunne betale med verdikupongar, såkalla vouchers, men frå og med denne sesongen nektar Fjord1 å godta desse.

Ber styret i Fjord1 revurdere saka

– Kva gjer VIRKE sine medlemsbedrifter med saka no?

Robert Hval Straumann

VIL BEHALDE VOUCHER-ORDNINGA: Robert Hval Straumann som er fagsjef innan reiseliv i VIRKE

Foto: Privat

– Vi oppmodar no alle våre medlemmer både på Vestlandet og såkalla innkomande reisearrangørar, altså dei som arrangerer sjølve turane, om ta kontakt med styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Netland og be dei to om at dei revurdere vouchers-ordninga for 2015.

Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 ynskjer ikkje å kommentere utspelet frå VIRKE i forkant av styremøtet den 10. juni, og syner til driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau.

Overraska

Og Stian Hårklau er overraska over at denne diskusjonen framleis går føre seg.

Stian Hårklau Fjord1

SKAL FINNE LØYSINGAR: Stian Hårklau, er driftsdirektør i Fjord1

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har sagt til reiselivsnæringa at ingen bussar skal stå igjen på kaien, og at vi skal finne løysingar får sak til sak, seier driftsdirektøren.

– Betyr det at de vil godta vouchers også denne sesongen?

– Nei, vi kjem ikkje til å godta vouchers i 2015. Der står vi fast på det vi har sagt tidlegare om at vi meiner det er ein avleggs måte å betale på, og som opnar for svindel. Vi skal finne gode og pragmatiske løysingar når det oppstår problem, seier Hårklau.

Einaste løysinga

– Når Fjord1 har vore så tydlege på at dei ikkje vil gå med på vouchers, er ikkje det då på tide at de i reiselivsnæringa ser på alternativ?

– Dei som har moglegheiter til det gjer sjølvsagt det, men her er det reiser som allereie er selde, og der det er vanskeleg å tilpasse dette til ei verd utan vouchers. Vi meiner at det er ein einaste løysinga for 2015, seier Hval Straumann i VIRKE.