– Vi fryktar rett og slett at vestlandsvegane vert tomme for turistbussar allereie til sommaren, seier Kjetil Sviland, kommunikasjonsdirektør i Virke.
Fjord1 har i eit vedtak fjerna moglegheita frå 1. januar for å betale på ferjene med såkalla vouchers, kupongar som ofte vert betalt i etterkant.
Denne ordninga vert mykje brukt av reiselivsoperatørar, både lokale og såkalla innkomande turoperatørar – tilretteleggarar for utanlandske turistar til Noreg.
Vil usette vedtaket
Virke som representerer reiselivsoperatørane, peikar på at dette kom brått på i forkant av årets turistsesong, og har i eit brev til Fjord1 bede dei om å utsette vedtaket til neste sommar, og i neste omgang diskutere moglege alternative løysingar. Stian Hårklau i Fjord1 avviser forslaget.
– Ved å akseptere vouchers tek vi på oss ein kredittrisiko. Vi risikerer at voucherane ikkje vert betalt etter at dei er brukte.
Hårklau nemner også administrative kostnader ved voucher-systemet.
– Vi er opptekne av å ha så enkle og straumlinjeforma foretningsprosessar som mogleg. I tillegg meiner vi at det i dag finnast fullgode alternativ til vouchers.
Viktig for næringslivet
Virke seier at dei på si side har tilbydd seg å kome fram til betalingsløysingar som gagnar begge partar, og understrekar at kredittkort er vanskeleg for reisebransjen, der mange ulike operatørar er inne i biletet, mange av dei utanlandske.
Dei peikar på at det er snakk om store beløp. Norske incomingaktørar omset årleg for 1 milliard kroner, og 40 % av dette er innan transportsektoren. Ferjeomsetning utgjer 10 % av kostnaden for rundreiser i Noreg, skriv dei i brevet til Fjord1.
– Turistbussane pumpar jo inn kapitalsterke turistar i vestlandske lokalsamfunn. Det er rett og slett ein utruleg viktig del av næringslivet i distrikts-Noreg. Det må Fjord1 forstå at dei trugar, seier Sviland.
Ber fylkesutval om å ta opp saka
Virke ber no Fylkeskommunen om å ta opp dette i hovudutvalet for samferdsel som har møte 25. mars.
– Vi håpar no at fylkeskommunen som kjøper tenester av Fjord1 sender eit tydeleg signal om at dei vil at selskapet skal godta voucherar. Det er viktig for heile Vestlandet.
Dette stiller Hårklau seg uforståande til.
– Fylkesutvalet kan jo ikkje gå inn å meine noko om våre forretningsmessige disposisjonar. Vi har gjort ei avgjersle om å ikkje bruke voucherar på våre ferjer, og held fast på det.