NRK Meny
Normal

Går langt i å love statlege arbeidsplassar til den nye kommunen

Kommunalminister Jan Tore Sanner feira ny storkommune i Sunnfjord med kake og lovar nærast at det blir nye statlege arbeidsplassar til den nye kommunen.

Feirar kommunesamanslåing

KAKE OG GODORD: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H). På høgre sida av bordet: Tidlegare varaordførar i Naustdal kommune, Harald Kvame (H), ordførar i Førde, Olve Grotle (H), ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H), kommunestyremedlem i Gaular, Anne Kristin Lilleaasen (H), ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Regjeringa samarbeider no med Venstre om å kunne flytte fleire statlege arbeidsplassar ut frå Oslo, og så må vi nok vente litt med å konkludere om kva som kjem kvar, seier Sanner.

Han vil ikkje vere konkret på kva arbeidsplassar dette kan vere, og syner til at dette er store og viktige avgjerder som påverkar arbeidsplassen til mange menneske.

– Regjeringa er oppteken av å styrke arbeidsmarknadane på små og store stader i Norge. Det er klart at dei kommunane som no har sagt ja til å gå saman, stiller sterkare når diskusjonane kjem om kva statlege arbeidsplassar som skal kvar, seier Sanner.

Fire blir ein i Sunnfjord

Innan 1. juli skal alle dei 428 kommunane i Norge gi beskjed til Fylkesmannen om det vert kommunesamanslåing eller ikkje. Eit oversyn som NRK har laga syner at dersom lokalpolitikarane får bestemme, kjem tre års reformarbeid til å resultere i mindre enn 40 færre kommunar.

I Sogn og Fjordane er det einaste gryteklare prosjektet Førde, Jølster, Gaular og Naustdal som har vedteke å slå seg saman. Samstundes som Naustdal gjorde sitt vedtak om samanslåing var representantar frå Sunnfjordkommunane i møte med kommunal- og moderniseringsministeren.

– Vi var der for å orientere kommunalministeren om det vi har fått til i indre Sunnfjord. Samstundes har vi og tatt opp saker der vi ynskjer hjelp frå regjeringa framover, seier Olve Grotle, som er ordførar i Førde.

– Eg har følgd prosessen gjennom det siste året, og er imponert over den leiarskapen som er synt av lokalpolitikarane og ordførarar frå fleire parti, seier Sanner.

Torsdag kveld vedtok kommunestyret mot seks røyster at dei skal slå seg saman med Volda kommune i Møre og Romsdal.

Kommunesamanslåing i Sunnfjord

KOMMUNESAMANSLÅING: Tidlegare varaordførar i Naustdal kommune, Harald Kvame (H), ordførar i Førde, Olve Grotle (H), kommunestyremedlem i Gaular, Anne Kristin Lilleaasen (H), ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H), kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kake og godord

For medan fleirtalet av kommunane i landet ser ut til å halde fram som i dag, har dei fire sunnfjordkommunane gjort akkurat som kommunlministeren ynskjer.

– Vi vart møtt med kake og godord i dag, og det er kjekt. Det vi har gjort i Sunnfjord er det vi sjølve har meint har vore rett, seier Grotle.

Gaular Men kommunereformarbeidet i Sunnfjord har ikkje vore heilt utan spenning. Tysdag utvikla kommmunestyrehandsaminga i Gaular seg til ein veritabel thriller som kunne ha velta kommunesamanslåinga på i Sunnfjord på oppløpssida.

– Det har vore spennande, og i folkeavrøystingane og debattane har det vore jamnt. Dette er først og fremst ein historisk dag for innbyggjarane i Sunnfjord. No blir det ein ny, sterk kommune som vil kunne sikre innbyggjarane gode tenester i mange, mange tiår framover i tid, seier Sanner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.