Hopp til innhold

Går i tenkjeboksen etter at OL rauk

Sandvolleyballspelar Geir Eithun sitt store mål glapp denne helga. No skal han vurdere om han i det heile skal halde fram.

Horrem/Eithun

FRAMTIDA: Geir Eithun må finne seg ein ny makker etter denne sesongen. Om det blir utfallet, eller om han gjer som noverande makker Iver Horrem og legg opp, har han ikkje bestemt seg for.

Foto: Dag Inge Nordby

– No har fokuset vore ekstremt snevert det siste halve året. Eg har ikkje planlagt så mykje meir. Eg går inn i ein periode er eg skal finne ut av litt til. Eg kjem til å spele nokre turnering r til med nokre yngre makkarar. Så får eg gjere ei vurdering etter kvart, om eg skal fortsette eller byrje med andre ting, seier Geir Eithun.

Geir Eithun

KVA NO: – Det er blåmåndag no, seier Geir Eithun etter at det ikkje vart tur til OL i Rio.

Foto: Rune Fossum / NRK

Helst ville han brukt ettermiddagen på sandvolleyballbana i Stavanger og sikra seg billett til OL i Rio seinare i sommar. Den draumen brast allereie fredag då han og makker Iver Horrem rauk ut av kontinentalturneringa, der vinnaren ville stå att med OL-billett i handa.

– Det er skuffande, sjølv om eg visste at målet var hårete og tøft. Vi hadde ikkje marginane med oss, seier Eithun.

Må finne ny makker

Den nær to meter høge førdianaren må ikkje berre sjølv bestemme seg for kva han skal gjere vidare, han må også finne seg ein ny makker. For Iver Horrem, som har vore profesjonell sandvolleyballspelar sidan 1999, har bestemt seg for å gje seg etter denne sesongen.

– Det er ikkje gjort i ei handvending å få ein ny makker, men eg har god oversikt. Eg har også testa litt med Lars Fredrik Tvinde, nettopp fordi eg visste iver Horrem skulle gje seg i år. Vi leikar med tanken på å finne ut av ting, og der er andre alternativ så eg er open.

Tvinde er på si side klar til å bli Eithun sin duo.

– Det er han som må kjenne på om han er motivert til å halde fram. Eg er klar for å spele. Eg er framleis ung og framadstormande, seier Lars Fredrik Tvinde, som til vanleg er eit av Førde volleyball sine sterke kort.

Lars Fredrik Tvinde

KLAR: – Eg legg ned mykje tid på trening og reising i samband med volleyballen, og er klar for å spele saman med Geir Eithun om han vil, seier Jan Fredrik Tvinde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han vil mest truleg halde fram i klubben, og trur ikkje at ei eventuell satsing på sandvolleyball nødvendigvis vil kollidere med speling i toppserien i volleyball.

– Eg kan ikkje avgjere det no, men det treng ikkje bli nokon krasj. Eg og Geir har spelt turneringar før og det er kjekt, og eg har mykje å lære av han. Så eg er berre positiv til å fortsetje med det.

Eithun har ikkje sett seg nokon frist for å kome fram til ei avgjerd, og er klar på at utfallet kan slå begge vegar.

– På dagar som no så tenkjer ein tanken på å legge opp. Eg har sagt at eg ynskjer å spele så lenge eg utviklar meg og blir betre, og det syns eg vi har gjort siste året også. Skal eg gå vidare så må det bli med noko som eg har like mykje tru på som det opplegget eg har hatt til no.