Hopp til innhold

Fylkesutvalet går mot søndagsopne butikkar

Eit fleirtal i fylkesutvalet rår frå generell søndagsopning av butikkar. Dei meiner samfunnet treng ein felles fridag.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

GÅR MOT: Fleirtalet i fylkesutvalet går mot søndagsopne butikkar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Seks av dei ni medlemane i fylkesutvalet meiner søndagsopne butikkar vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg for borna. Dei sikra dermed fleirtal for ein høyringsuttale mot regjeringa sitt forslag om å tillate butikkar å halde ope på søndagar.

– Det vil vanskeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av, skriv fylkesutvalet.

Trur mange små butikkar vil få det vanskeleg

I fråsegna står det at det ikkje er gjort nokre utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Dei trur heller ikkje søndagsopne butikkar vil gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer.

– Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handelen og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar.

Fylkesutvalet rår også ifrå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane.

Stemde mot

Representantane frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre stemde mot høyringsfråsegna. Noralv Distad (H) meiner dette spørsmålet om søndagsopne butikkar burde vere opp til kvar enkelt kommune.

– Eg forstår jo det at mange meiner generell søndagsopne butikkar ikkje er vegen å gå. Samstundes bør det vere mogleg for dei kommunane som ønskjer det, å avgjere sjølv. Dette fekk vi dessverre ikkje gjennomslag for i fylkesutvalet, seier Distad.