Hopp til innhold

Seier ja til søndagsope - men ville ikkje opna sjølv

Det er massiv motstand mot søndagsopne butikkar i heile landet. Men statsminister Erna Solberg seier dei ikkje gjev opp kampen for eit ja. Bjørn Lødemel stiller seg bak.

Ståande applaus frå Sogn og Fjordane Høgre på landsmøtet

APPLAUDERER: Bjørn Lødemel stiller seg bak statsminister Erna Solberg sitt standpunkt. Søndagsopne butikkar skal innførast i Norge. Her er Lødemel på landsmøtet til Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har sagt mange gonger at vi vil ha søndagsopne butikkar og det står eg for. Dette er noko som står i Sundvollen- avtalen vår, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre.

Vi kan ikkje ta borna fri frå skulen ein kvardag for å kunne samle familien. Vi mister noko verdifullt om regjeringa vil ta frå oss familiedagen.

Viksdalen handel as

Erna: Folk vil gle seg over
Nærbilde av Erna Solberg. Blå bakgrunn

GIR SEG IKKJE: - Folk vil bli glade for dette i framtida, seier statsminister Erna Solberg (H) om søndagsopne butikkar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I helga var statsminister Erna Solberg (H) ute og fortalde i klartekst kva ho aktar å gjere med saka:

– Vårt utgangspunkt er at vi aktar å gjennomføre Sundvollen-erklæringa. Der er dette eit av punkta. Folk vil ha glede av dette i lang tid.

Lødemel driv sjølv ein bokhandel i Hornindal, men ville ikkje ha opna dørene på søndagane om vedtaket gjekk gjennom i Stortinget.

– Eg ville nok ha halde dørene stengde. Men det er andre som kanskje ville ha opna dei, seier han.

Førde kommune går i mot regjeringa sitt framlegg til endringar i lov om helligdager og helligdagsfred som opnar for søndagsopne butikkar slik det går fram i høyringsnotat 15/1432 datert 27.03.2015

Treng drahjelp frå Venstre, men får nei

Viksdalen Handel

NEI: Viksdalen handel AS meiner søndagen må vere ein familiedag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Regjeringa er avhengige av samarbeidspartia for å få fleirtal når saka skal opp i Stortinget.

Tidlegare har Venstre sagt dei ikkje støttar Høgre, sjølv om dei er for søndagsopne butikkar.

– Vi meiner kommunane må få avgjere denne saka sjølve, og ikkje få tredd noko ned over hovudet dei ikkje vil ha. Det må vere slik at om Bergen seier ja, kan Gloppen seie nei. Det må vere opp til kvar enkelt kommune, seier stortingspolitikar Sveinung Rotevatn frå Venstre.

100 er imot

Sveinung Rotevatn

NEI: - Kommunane må få velj sjølve, meiner Venstre og Sveinung Rotevatn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Saka er no ute på høyring, og det er ikkje mange som støttar regjeringa sitt syn. Innan 30.juni må alle som har synspunkt ha sendt dei inn til regjeringa.

I handelsbyen Førde med høgreordførar Olve Grotle, går bystyret imot forslaget. Også i høgrekommunen Stryn er det motstand mot ei lovendring.

Kommunal-rapport hadde ein gjennomgang av svara i førre veke som var komne inn til regjeringa. Av 103 uttaler går 100 imot, to er for og éin har ingen synspunkt til regjeringas forslag til søndagsopne butikkar.

Viksdalen handel AS er ein av dei mange butikkane som har sendt inn svar til regjeringa. Dei skriv at det vil vere umogleg for folk i utkantstrok å halde ope på søndagen. I staden for auka handel vil handelen berre bli spreidd utover veka.

Det er allereie i dag rikeleg høve til å skaffe seg det ein treng i butikkane 6 dagar i veka. At viktige yrkesgrupper som t.d. bønder og sjukepleiarar må arbeide søndagar, er ikkje noko argument for at også alle andre skal gjere det. Vi menneske treng ein felles annleisdag i veka, og det vil verke negativt på folkehelsa om søndagen skal bli ein kvardag som alle andre.

Gimmestad sokneråd