Hopp til innhold

Fylkesordføraren: – Indre Nordfjord har ikkje fått mindre enn andre område

Fylkesordføraren meiner folk i Indre Nordfjord ikkje har grunn til å klage over det dei har fått frå fylkeskommunen dei siste åra. Hornindal-ordføraren meiner regionen har fått så lite at dei er betre tente med å gå til Møre og Romsdal.

Jenny Følling på kontoret på fylkeshuset på Hermansverk

– GJER IKKJE FORSKJELL: Også Indre Nordfjord har fått mykje frå fylkeskommunen, seier Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg føler at vi har prioritert Nordfjord til liks med dei andre regionane. Vi har prioritert viktige prosjekt i Nordfjord, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Stryn og Hornindal vurderer samanslåing med sunnmørskommunane Ørsta og Volda, og ordførar Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal ser gjerne at hans kommune blir ein del av Møre og Romsdal.

– Ser ikkje verdien av Nordfjord

Stig Olav Lødemel

BYTER GJERNE FYLKE: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel trur folk i Indre Nordfjord vil få det vel så bra i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Etter å ha deltatt på eit felles kommunestyremøte for kommunane Ørsta og Volda på Hotel Alexandra i Loen torsdag, sa Lødemel dette i eit radiointervju med NRK Sogn og Fjordane:

– Eg føler ikkje at Sogn og Fjordane fylkeskommune har hjelpt oss så veldig. Sjølvsagt bidreg dei litt, men vi har utfordringar. Og det er bokstaveleg tala langt til Leikanger.

– Når vi då opplever at fylkespolitikarane frå Sunnfjord og ikkje ser verdien av å investere noko særleg i Nordfjord, og spesielt i Indre Nordfjord, så kan eg ikkje skjønne at det skal bli noko dårlegare i alle fall, sa Lødemel som samstundes var skuffa over at Hornindal og Stryn førebels er sett på vent av naboane i nord. Volda og Ørsta vil først forhandle seg i mellom, utan nordfjordingane.

Stryn vidaregåande skule

PUSSA OPP: Fylkeskommunen har brukt mykje pengar på å oppgradere Stryn vidaregåande skule, påpeiker fylkesordføraren. Eid vgs. med operahuset og Måløy vidaregåande skule er også tiltak i Nordfjord som har fått millionar siste åra.

Foto: Arne Vik / NRK

Veg og skule

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane viser til fleire døme på at indre Nordfjord har fått sin del av fylkeskaka.

– Det aller siste er jo Olden–Innvik der vi no tek siste del og har investert for ein halv milliard kroner i den vegen. Flovegen står først på rassikringsprosjekt som skal startast, seier Følling.

Agjeldstunnelen, nesten klar til opning

NY VEG: Oppgraderinga av Olden–Innvik er inne i siste fase. Agjeldtunnlen

Foto: Silje Guddal / NRK

Ho held fram:

– Vi har brukt mange millionar på oppussing av Stryn vidaregåande skule, og med E39 i indre og opprustinga av Utvikfjellet som er under planlegging–og andre ting–så er dette eit område som har blitt satsa på. Vi som fylkespolitikarar må faktisk sjå heile fylket, men vi synest også at dei indre delane av Nordfjord har komme godt ut.

Hornindal-ordføraren si liste

Fylkesveg 60

VERKEBYLL: Skilnaden i standard på fylkesveg 60 er stor på dei ulike sidene av fylkesgrensa. T.v. ser ein vegen i Hornindal og Sogn og Fjordane. T.h. over grensa til Sunnmøre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men også Hornindal-ordføraren fører rekneskap. Stig Olav Lødemel svarer i ein e-post til NRK slik på fylkesordføraren si liste over velgjerningar:

Har Følling gløymt at:

  • fylkespolitikarane nedprioriterte å ferdigstille Olden-Innvik i handlingsprogrammet 2006-2009, til fordel for Bremanger 2 og Dalsfjordsambandet.
  • at dei så langt har utsett å bygge gangvegen på siste parsellen inn mot Olden.
  • at dei nedprioriterte Fv. 60 Tomasgard-Møre grense, som no hadde tur etter Olden-Innvik, til fordel for m.a. fylkesordføraren sin eigen Fv. 57.
  • at dei har stansa å gjere ferdig reguleringsplanen for Fv. 60 Tomasgard-Møre grense.
  • E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal

    TAKKA VERE MØRINGANE? Har fylkesordføraren gløymt at Kvivsvegen langt på veg vart køyrt fram av møringane, spør Hornindal-ordføraren.

    Foto: NRK
    at fylkesordføraren ikkje vert opplevd som nokon pådrivar for rassikring av Rv. 15 og bru i indre, men set desse to prosjekta opp mot Hemsedalsfjellet og bru i midtre.
  • at dei har lagt ned linja for teknikk og industriell produksjon ved Stryn vgs. og tømt lokala for utstyr.
  • at E39 Kvivsvegen langt på veg vart køyrd fram av møringane.