Hopp til innhold

Fylkesmannen inn i sjukehusstrid

Nordfjordordførarane har bede fylkesmann Anne Karin Hamre og fylkeslege Per Stensland gå inn i striden kring Nordfjord sjukehus.

Anne Karin Hamre

SPURT OM Å ARRANGERE MØTE: Fylkesmann Anne Karin Hamre seier nyvalde ordførarar ønskjer ein betre dialog med helseføretaket.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Dette skjer på trass at det nyleg var god dialog mellom partane under eit møte i Bergen, og at Helse Førde har invitert dei same ordførarane til eit møte tidleg i desember.

– Gjennom media har vi sett at det ikkje har vore eit utprega godt klima mellom Nordfjord og Helse Førde. No har vi ein situasjon der nyvalde ordførarar ynskje ein betre dialog med helseføretaket, seier fylkesmann Anne Karin Hamre til avisa Firda.

Personalhandtering

Administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad meiner partane allereie har god dialog, og ser på ei slik mekling utanfrå som unødvendig.

Styreleiar Clara Øberg stadfestar at fylkeslegen ynskjer å diskutere forholdet mellom sjukehustilsette i Eid og administrasjonen i Helse Førde, men seier det er uaktuelt å diskutere personale og personalhandtering på eit slikt møte.

– Dette er å trø midt inn i lina i eit statleg føretak. Det kunne vore spanande å høyre kva mandat og utgangspunkt Fylkesmannen har for å arrangere eit slikt møte, seier administrerande direktør Herlof Nilssen til avisa.