Hopp til innhold

Nordfjordrådet vil samarbeide

Nordfjordrådet er nøgde etter dagens møte med helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm Erichsen i Bergen i dag.

Nordfjord sjukehus

NØGDE MED AVKLARINGAR: Ordførarar i Nordfjord er nøgde etter møtet o

Foto: Arne Eithun / NRK

Det vekte sterk harme i Nordfjord at helseministeren først ikkje vil møte dei, men i dag fekk ordførarane altså audiens til å snakke om framtida til Nordfjord Sjukehus.

Leiar av Nordfjordrådet, Ottar Nygård, seier dei fekk på plass viktige avklaringar.

– Vi har hatt ein god dialog i møtet i dag, der vi er einige om at det no er viktig å kome raskt i gang med utviklingsprosjektet om framtidas lokalsjukehus. Vi har fått ein del viktige avklaringar som gjer det mogleg for oss frå Nordfjord-kommunane si side å gå inn som partnarar i prosjektet.

– Viktig med akutt-avklaring

Han seier at det også var viktig for dei å få avklart at Nordfjord sjukehus skal vere eit lokalsjukehus med akuttfunksjon i tråd med helse- og omsorgsplan.

– Det tykkjer vi er veldig viktig. Det skal liggje til grunn for sjukehuset, seier Nygård som også er ordførar i Selje

Også Hornindal, l Anne-Britt Øen, Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Vågsøy-ordførar Morten Andreas Hagen var med på møtet på Flesland.

Ikkje heilt nøgde med summen

Nordfjordrådet fekk avklart at 25 av dei 75 millionane til utviklingsprosjektet går til rus og psykiatri.

– Det er ein større del enn det vi meiner er rett, men vi har no likevel fått ei avklaring som gir ei ramme for kva som er det reelle innhaldet i utviklingsprosjektet, nemleg 50 mill kroner. Samtidig har vi fått tydelege løfte om at kommunane skal vere med i utviklinga av prosjektet og styringa av kva tenester som skal skapast, seier han.