Dette er konklusjonen i ei vurdering fylkeslegen har vore med på å utarbeide i samband med at det no vert oppretta to nye turnusplassar i Helse Førde. Turnusplassane er lagt til Førde Sentralsjukehus og sjukehuset i Lærdal.
Dårlegare trening
For mange turnuslegar kan føre til at dei får sjeldnare vakt og dermed dårlegare trening i å handtere akutte situasjonar. Særleg vil dette gå ut over pasientar som treng akutthjelp, fryktar Øgar.
Turnusteneste er ei pliktteneste som legestudentane må utføre etter å ha fullført medisinarstudiet, for å få autorisasjon som lege.
Turnuslegane vert ikkje like mykje trente som dei autoriserte legane. (Foto: NRK Puls. Framsidefoto: Scanpix)