NRK Meny
Normal

Full splid heilt til topps i Sogn og Fjordane Frp

Partifelle skuldar Frank Willy Djuvik for diktatorisk leiarstil. Det er no full strid i toppen av fylkespartiet.

Ernst Veum, Frank Willy Djuvik og Marita aarvik

FULL SPLID: Det er full splid heilt til topps i Sogn og Fjordane Frp.

Foto: Montasje: Arve Uglum/Geir Bjarte Hjetland, Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Andrekandidat på fylkesvallista Marita Aarvik seier enkelte opplever at toppkandidat Frank Willy Djuvik har ein tilnærma diktatorisk leiarstil.

Ernst Veum i Luster Frp reagerer på si side sterkt på skuldingar frå Djuvik om at Åge Starheim har prøvd å bli kvitt han, og seier det er Luster Frp som ville ha Djuvik ut av fylkestingslista.

Ernst Veum

HAN FREMJA MOTKANDIDATEN TIL DJUVIK: Ernst Veum i Luster Frp.

Foto: NRK / NRK

Vi har vore misnøgde i lang tid med leiarstilen til Djuvik. Det er årsaka til at vi fremja ein motkandidat. På nominasjonsmøtet at vi hadde rimeleg god oppslutnad om det også, sjølv om vi ikkje fekk fleirtal, seier Veum.

Frp-nestor melde seg ut

Det er full strid og open krangel i Sogn og Fjordane Frp. I ein revisjonsrapport kjem det fram at Sogn og Fjordane Frp blant anna ikkje ha fått revidert rekneskapane sine sidan 2011. I tillegg er reiseutgifter blitt refundert utan reiserekning.

Avgått fylkesleiar Frank Willy Djuvik har sjølv motteke fakturaer, gjennomført betalingar og stått for bokføring. Reisebudsjett og utlegg har gått tilbake til fylkesleiaren.

Rapporten har blitt halden hemmeleg for medlemmane, og denne veka bestemte tidlegare fylkesleiar, stortingsrepresentant i åtte år og æresmedlem i Frp Åge Starheim å gå ut av partiet i protest.

Eg vil ikkje vere medlem av eit parti som er bassert på snusk og fanteri, sa Starheim som grunn til utmeldinga.

Åge Starheim montasje

MELDE SEG UT I PROTEST: Tidlegare fylkesleiar, stortingsrepresentant i åtte år og æresmedlem i Frp Åge Starheim

Foto: Montasje: NRK

Personstrid

Men i intervju med NRK meinte Frank Willy Djuvik av Starheim berre kunne ha det så godt, og at Starheim var misnøgd med at Djuvik vann nominasjonskampen mot Marita Aarvik under fylkesårsmøtet.

Frank Willy Djuvik

AVVISER EINEVELDE: Toppkandidat for Frp i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Åge Starheim har prøvd å bli kvitt underteikna det siste halve året, og når personar som berre er opptekne av å lage bråk melder seg ut så er det antakelegvis til det betre. seier Djuvik.

Tar bladet frå munnen

Men no tek Ernst Veum i Luster Frp bladet frå munnen. Han seier det var Luster Frp som ville kaste Djuvik som listetopp på grunn av einerådig leiarstil.

– Eg tykkjer utspelet frå Frank Willy Djuvik er svært utidig og det kunne han ha spart seg. det er også heilt feil. Det var vi i Luster Frp som fremja motkandidat på han til 1.-kandidat til fylkestingslista. Det gjorde vi ut ifrå det at vi har vore misnøgde med hans leiarstil og hans eigenrådige måte å leia partiet på.

Djuvik held fast på også at Åge Starheim har prøvd å bli kvitt han.

– Det som er eit udiskutabelt faktum er at Åge Starheim allereie i fjor haust jobba mot fleire for å kvitte seg med meg som både 1. kandidat og som fylkesleiar.

Avviser påstandane

Men Åge Starheim seier til NRK at det fyrst var etter at Dagbladet gjorde han merksam på innhaldet i den kritiske revisjonsrapporten at han etter årsmøtet og opp mot partiet sentralt tok initiativ til å få Djuvik frå fylkesvallista.

– For eg meinte det at det går ikkje an å drive valkamp for ein person som har hatt hovudansvaret for det som eg kallar for snusk og fanteri i Sogn og Fjordane Frp.

Marita Aarvik

KRITISK TIL LEIARSTIL: 2. kandidat på fylkesvallista Marita Aarvik

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Andrekandidat på fylkestingliste Marita Aarvik frå Selje går no ut med støtte til Åge Starheim. Ho seier enkelte kring om i fylkespartiet har opplevd Djuvik sin leiarstil som nærmast diktatorisk.

– Det som vart lagt fram for meg, då eg vart spurd om å stille som motkandidat var at Frank Willy Djuvik hadde hatt ein noko diktatorisk måte å opptre på som fylkesleiar og gruppeleiar på fylkestinget.

Ikkje einevelde

Djuvik avviser på si side at han har drive fylkeslaget eineveldig.

– Det er ei beskriving som eg på ingen måte kjenner med igjen i og det er svært mange personar i Sogn og Fjordane Frp som er involverte i dei politiske avgjerdene kvar einaste dag.

Men Luster Frp seier på si side at dei no ikkje vil drive valkamp for Sogn og Fjordane Frp når Djuvik er på toppen av lista.

– Det vil ikkje vi drive med i Luster, ut ifrå det som no har skjedd, nei.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast