Hopp til innhold

Les Frp-nestoren sitt krasse utmeldingsbrev

Tidlegare stortingsrepresentant og æresmedlem i Framstegspartiet, Åge Starheim, er ikkje nådig i kritikken mot partiet i brevet der han melder seg ut.

Åge Starheim montasje

SNUSK OG FANTERI: Åge Starheim kalla i dag økonomihandteringa i fylkespartiet for snusk og fanteri.

Foto: Montasje: NRK

– Eg kan (...) ikkje vere medlem i eit parti som let att augene for ulovlege handlingar berre fordi desse er utført av eigne sentrale medlemmar, skriv Starheim i det svært kritiske brevet du kan lese i sin heilskap lenger nede.

Årsaka til utmeldinga er ein revisjonsrapport med kritikk av økonomihandteringa i fylkespartiet. I dag fortalde NRK at Starheim melder seg ut, og kallar det som har skjedd for «snusk og fanteri»

Starheim var stortingsrepresentant for Framstegspartiet mellom 2005 og 2013, og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp i sju år. I 2013 utnemnde partileiar Siv Jensen han til æresmedlem i partiet.

Tidlegare fylkesleiar og noverande gruppeleiar på fylkestinget, Frank Willy Djuvik, er førstekandidaten til Frp til fylkestingsvalet til hausten. I eit direkte skriftleg svar han har sendt til NRK, fyrer han tilbake mot den tidlegare stortingsrepresentanten.

– At Starheim gjentek påstandane med håp om at det skal verte sant om han gjentek det fleire gonger, seier meir om Starheim enn det gjer om partiet og underteikna, svarar Djuvik i brevs form.

Les heile utmeldingsbrevet frå Starheim her:

Åge Starheim
Foto: NRK

Les svaret frå Djuvik her:

Frank Willy Djuvik
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Starheim sitt utmeldingsbrev

Frank Willy Djuvik sitt svar