Hopp til innhold

Djuvik fekk kamp til døra om topplasseringa

JØLSTER (NRK.no): Frank Willy Djuvik blir Frp sin førstekandidat til fylkestingsvalet til hausten. Men han fekk hard kamp om plassen.

Frank Willy Djuvik

FEKK KAMP: Frank Willy Djuvik vann kampen om røystene då han søndag vart vald til fylkeslaget sin fremste kandidat til haustens fylkestingsval.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Marita Aarvik (52) frå Selje segla opp som ein sterk motkandidat, men etter avrøystinga var det den avtroppande fylkesleiaren som trekte det lengste strået.

Frank Willy Djuvik vann med 18 mot Aarvik sine 13 røyster.

– Eg er nøgd med at nominasjonsmøtet valde å gje meg framleis tillit som førstekandidat, seier Djuvik.

Ikkje mistillit

Sjølv om fylkesårsmøtet var splitta i synet om kven som skulle toppe lista, trur Djuvik det er eit samlande Frp som etter fylkesårsmøtet går ut i valkampen.

Fylkesårsmøte i Frp 2015

FYLKESÅRSMØTET: Fylkesårsmøtet til Frp skal mellom anna avgjere kven som tek over stafettpinnen som fylkesleiar etter Frank Willy Djuvik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg tykkjer det er eit stort sunnheitsteikn at det er fleire kandidatar til posisjonane, seier Djuvik.

– Oppfattar du at dei som røystar på Aarvik er mistillit til deg?

– Nei, folk gjer sine vurderingar av dei enkelte kandidatane, og eg tykkjer det er berre positivt.

Aarvik på andreplass

Marita Aarvik

ANDREPLASS: Marita Aarvik vart føreslått som motkandidat til både første og andreplassen på lista.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Aarvik vart lansert av Luster Frp som motkandidat for Djuvik. Ho vedgår at ho måtte ta ei runde før ho takka ja. Ho avviser også at det ligg noko form for mistillit til Djuvik i dette.

– Det er ingen politisk mistillit. Vi har litt andre innfallsvinklar på ein del ting, men er rivande samde om politikken, seier Aarvik som også vart føreslått som motkandidat til andreplassen.

Her hadde nominasjonsnemnda plassert Lars Svein Drabløs (Eid). Aarvik vann den kampen med 16 mot 15 røyster.

Heldt to støttetalar

Rita Navarsete

SPESIELT: Rita Navarsete heldt støttetale for begge kandidatane til topplasseringa på Frp si fylkestingsvalliste.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Drabløs og Rita Navarsete frå Sogndal vart så foreslått til 3, plassen, men Drabløs trekte seg frå kampen og Navarsete vart nominert med akklamasjon. Også resten av lista vart nominert med akklamasjon.

Navarsete fann seg sjølv i ein svært spesiell situasjon då ho heldt støttetalet for både Aarvik og Djuvik i kampen om topplasseringa.

– Det vart veldig spesielt, men Britt Dalsbotten som skulle halde støttetalen til Frank Willy var ikkje her, så det vart litt på sparket. Når ein stiller til førstekandidat så skal ein ha ein støttetale, og eg kan forsvare begge to, smiler ho.