Hopp til innhold

Fryktar vi berre ser toppen av isfjellet – og at mørketala i eldreomsorga er store

Saka om ekteparet som får sjå kvarandre berre litt over to timar i veka er langt ifrå unik. No etterlyser Pårørandealliansen større fleksibilitet i kommunane.

Magne og Hjørdis Føleide seier hadet for dagen. Dotter Marianne køyrer rullestolen hans.

LENGE MELLOM KVAR GONG: Det kan gå fleire dagar mellom kvar gong ekteparet Magne og Hjørdis Føleide ser kvarandre – sjølv om dei bur på same institusjon.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det finst nok mange fleire historier enn det som kjem fram i media, seier Anita Vatland.

Ho er leiar i Pårørendealliansen og trur mange familiar blir gåande åleine med problema dei opplever når foreldra kjem på sjukeheim og omsorgssenter. Inntrykk frå mellom anna pasientomboda syner at mørketala er store.

Anita Vatland, leder Pårørendealliansen

Anita Vatland i Pårørendealliansen.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Vi reknar med at kanskje berre ti prosent av oss klagar. Så vi ser nok berre toppen av isfjellet. Mange går rundt med saka si og let det gå over i historia når situasjonen er over. Då får dessverre heller ikkje systemet tilpassa seg, seier Vatland.

Ser kona tre gongar i veka

NRK har tidlegare fortalt historia om Magne Føleide (82), som etter nesten 60 års samliv no kan gå fleire dagar mellom kvar gong han ser kona – sjølv om dei begge bur på Flora omsorgssenter. Problemet er at dei bur i kvar sin etasje. Kona Hjørdis er dement og treng å bli skjerma, og sjølv er Magne dårleg til beins.

Ein samværsplan legg opp til at ekteparet skal sjå kvarandre tre gongar i veka, noko som tilsvarer to timar og eitt kvarter til saman. På grunn av helsetilstanden til Hjørdis blir fleire av besøka hennar til Magne avlyste.

– Vi veit at det vil bli fleire eldre med demens og kognitive utfordringar. Situasjonar med ektepar der den eine parten må skjermast, medan den andre og familien vil ha meir besøk, er slike ting vi må tenkje på for framtida. Det gjeld alt frå bygningsmasse til korleis vi kan vere meir fleksible, seier Vatland.

– Kva om ekteparet kan møtast femten minutt kvar dag, slik at han får sett kona si – utan at det går ut over ho. Det må vere mogleg å møtast på halvvegen og høyre på dei pårørande kommunane må vere meir fleksible, seier ho.

Sylvi Listhaug

HÅPAR PÅ LØYSING: – Kjærleiken varer for mange livet ut. Difor bør eldre få vere saman med den dei er glade i også medan dei bur på sjukeheim, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Listhaug: – Kommunen må strekkje seg langt

– Eg forventar at kommunane strekkjer seg langt for at eldre som er gift og har budd saman i eit langt liv, skal få vere saman også når dei hamnar på sjukeheim. Det handlar om livskvalitet, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

– Eg synest denne saka rett og slett er trist. Eg håpar verkeleg at dette ordnar seg, og at kommunen klarer å organisere det slik at ekteparet får vere meir i lag, legg ho til.

– Er eldreomsorga i Noreg god nok?

– Nei, det er mykje å ta tak i, og det er difor vi gjennomfører reforma «Leve hele livet». Eldre skal ikkje berre overleve og eksistere, men faktisk oppleve å leve heile livet. Det handlar om aktivitetar, mat, å bestemme meir over eige liv og kva ein vil bruke tida si på sjølv om ein blir eldre og pleietrengande, seier Listhaug.

– Her har vi eit ektepar som ønskjer å vere meir saman, og då er det viktig å leggje til rette for det, seier statsråden.

Ordføraren vil møte dei pårørande

Ola Teigen i Florø sentrum

VIL LYTTE: Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) vil gjerne møte familien og leggje til rette for ekteparet på Flora omsorgssenter.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm i Flora kommune ønskjer ikkje å kommentere einskildsaker i media, men ordførar Ola Teigen (Ap) har etter NRK-oppslaget teke kontakt med dei pårørande i håp om å få til eit møte. Han synest slike saker er vanskelege, og viser til at det er fleire omsyn å ta stilling til.

– Eg håpar vi kan snakke om korleis vi kan leggje til rette for ekteparet på ein best mogleg måte. Vi ønskjer å lytte til dei pårørande, seier han.